Hopp til innhold

Har 24 samarbeid med andre kommunar

Kommunane i Sunnfjord har eit omfattande samarbeid om dei fleste lovpålagde oppgåvene. Likevel meiner ordførar Mathias Råheim (H) i Gaular at det ikkje er grunnlag for samanslåing.

Administrasjonen til Førde kommune

SAMARBEIDER: Førde kommune har minimum 24 samarbeid med andre kommunar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Arbeidsgjevarkontroll, Sunnfjord Næringsutvikling, legevaktsamarbeid, veterinærvakt, og så vidare og så vidare.

Det er ei lang liste rådmann Ole John Østenstad i Førde har framfor seg.

Ole John Østenstad.

RÅDMANN: Ole John Østenstad.

Foto: Olga Wergeland / NRK

– Kvar for oss er vi for små, etter mi meining. Vi får for små fagmiljø og for å i det heile kunne løyse dei tenestene som er venta vi skal løyse, så må vi samarbeide. Det er den store fordelen, seier han.

Meiner grensa er nådd

Lista over samarbeida Førde kommune har med ulike kommunar, inneheld 24 formaliserte samarbeid. Men eit så tett samarbeid er også krevjande, seier Østenstad.

Han trur difor at grensa for kor mange samarbeid ein kommune kan ha, er nådd.

– Det er veldig ressurskrevjande. Vi snakkar om mange kommunar, mange involverte og alle skal vere samde. Det er krevjande, men det går enklare når klimaet mellom personane er godt, seier rådmannen.

Ikkje samanslåing

Mathias Råheim

ORDFØRAR: Mathias Råheim (H).

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Men ordførar Mathias Råheim (H) i Gaular fortel at kommunane også har meir uformelle samarbeid. Både politisk, men også innan det administrative arbeidet. Han peikar på samarbeid mellom rådmenn, innan skule og kultur og helse.

– Men kunne de ikkje like gjerne vore ein stor kommune når ein må samarbeide så mykje?

– Det kunne vi heilt sikkert vore, men det er eit veldig stort sprang frå det samarbeidet vi har no til å bli ein stor kommune med full kommunesamanslåing. Så det er ikkje naudsynt å slå seg saman på grunn av at vi har samarbeid slik som i dag, meiner han.