Hopp til innhold

Har 12 baklengs på to kampar

- Når du scorar fem mål, så skal du vinne kampar, resignerer spelande trenar i Stryn, Jon Terje Tjellaug, etter 5-6 tapet for Fjøra.

Jon Terje Tjellaug og Ousman Nyan

Jon Terje Tjellaug

Foto: Arne Vik

Sjølv sette han inn ei scoring og hadde to målgjevande scoringar mot Fjøra.

LES OGSÅ: Målfest i Stryn

- Det var ein tut og køyr kamp som bar tydeleg preg av at det var to lag som er dårleg defensivt, seier han.

SJÅ OGSÅ: Ny målrik runde i 3. divisjon

Tolv baklengs på to kampar

Laget har no sleppt inn 12 mål på to kampar.

- Det er ikkje til å kome frå at ein del mål er personlege feil. Fjøra heng betre saman, medan vi er i ubalanse, seier Tjellaug.

Stryn har dei siste kampane måtte klare seg utan Mathias Eikenes og Thomas Vik. I tillegg har Endre Lødemel og Marius Grodås returnert til Hornindal. Tjellaug er samd i at det er stor skilnad på eit strynelag med og utan Eikenes.

Stor skilnad

- Vi kan ikkje fokusere på kven vi kunne hatt med, men kven vi har tilgjengeleg. Mathias ville vore ein styrke for alle lag i 3. divisjon og spesielt for oss og vår spelestil. Med Mathias går det fort i lengderetningen og då kan Mathias true bakrommet. Han har også veldig god kjemi med Asbjørn Tenden på topp, seier han.

Stryn har ingen ambisjonar om opprykk i år, men har retta fokus mot eiga rekruttering for å overkomme eit generasjonsskifte i spelarstallen.

Bygge stein for stein

- Vi kan ikkje basere oss på ein Thomas Vik og Kåre Balsnes i Oslo og ein Mathias Eikenes i Trondheim. Vi treng ei eiga treningsgruppe her i Stryn, men har vore gjennom to-tre sesongar utan påfyll, seier han.

- Det er mange steinar som skal på plass, men vi har ein del bra spelarar i 92-årgangen som vi no må tenke på å få matcha og klare til neste sesong, seier han.