Hopp til innhold

Håplause forhold for husmaling

Den våte og kalde sommaren på Vestlandet gjer nærmast umogleg å måle hus og hytter. Målarmeister Gunnar Gunnarsson fortvilar, men har klare nokre enkle råd til dei som skal måle på eiga hand.

Gunnar Gunnarsson

VÊR TIL BEKYMRING: Gunnar Gunnarsson får gjort fint lite med målarkosten når regnet høljar ned.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Kvar er sommaren? Vi er i midten av juni, og har desse kalde temperaturane, hutrar islendingen.

Gunnar Gunnarsson er midt i demonteringa av eit stillas på eit bustadhus i Førde. Dette bygget er omsider ferdigmåla, men det har tatt tid.

– Regnet har skapt veldig mykje problem for meg i sommar, fastslår målaren.

Du risikerer at det rotnar, og at målinga byrjar å flasse. Då er du tilbake til start.

Gunnar Gunnarsson om måling i regnvêr

Får berre vaska husa

Gunnarson driv målarfirma med base i Loen, og har oppdrag rundt om i Sogn og Fjordane, i tillegg til Møre og Romsdal. Verksemda med 10 tilsette har mange prosjekt på gang, men over heile fjøla er det same visa. Regn og atter regn. Ei rekkje av jobbane er rett og slett sett på vent.

Oppussing

IKKJE FOR VÅTT - IKKJE FOR VARMT: Skal du freiste deg på husmåling på fuktige dagar, bør du sjekke veggen med ein fuktmålar, rår målarmeisteren. Ein bør også unngå den sterkaste sola, viss den skulle dukke opp i løpet av sommaren. Arkivfoto

Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

– Det er klart det er utfordrande. Vi har fem-seks prosjekt som står stille. Det er lite vi kan gjere. Einaste vi kan gjere er å starte førebuingane til nye oppdrag ved å reise rundt og vaske hus. Det kan vi gjere i dette grisevêret, men vi må vente på fint vêr før vi kan måle.

Kan gi fuktskadar

Gunnarsson åtvarar folk mot å gripe målarkosten mens regnet høljar ned. I alle fall om det blæs.

– Det kan fort bli dårleg resultat. Du risikerer at det rotnar, og at målinga byrjar å flasse. Då er du tilbake til start, seier den erfarne målaren.

Men enkelte ting kan ein likevel få gjort, dersom tilhøva tillèt det.

– Du kan måle langsida av huset, så lenge det ikkje blæs inn frå sida. Men veggen kan ikkje vere fuktig. Ein kan få kjøpt fuktmålar for knappe 200 kroner.

Men helst rår Gunnarsson folk til å smørje seg med tolmod.

– Ikkje mål når det er fuktig. Då må du brått måle opp att heile greia.

Målarmeister Gunnar Gunnarsson

MYKJE VENTING: 2015 er så langt ikkje den store sommaren for å drive målarfirma, konstaterer Gunnar Gunnarsson.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Ringjer for å høyre kvar det er opplett

Sjølv løyser Gunnarsson litt av utfordringane med vêret ved å flytte tilsette rundt om kring der det måtte vêre opphaldsvêr.

– Då ringer vi rundt og spør kva slags vêr det er, så får vi klarsignal om vi kan komme eller ikkje. Vi er veldig takknemlege for forståinga vi møter hos kundane.

– Blir du vêrsjuk?

– Eg trur alle blir vêrsjuke når vi får ein slik sommar.

Men det kan også bli for mykje av det gode. I fjor var sommaren så bra at det i seg sjølv vart eit problem for målarane.

– Då blei det for varmt til å måle, så vi måtte jobbe til seint på kveld når sola var gått ned, ler Gunnarsson og legg til:

– Ein skal vere obs på at ein ikkje bør stå å måle i solsteika. Jobbar ein med mørke fargar, skal ein ikkje måle i solveggen. Då kan ein risikere at målinga tørkar feil veg, at den størknar yst og er fuktig på innsida.