Hopp til innhold

Håper Vest Tank ikkje startar att

Bygdefolket i Sløvåg er så lei av luktplagene etter eksplosjonen ved Vest Tank, at dei håpar verksemda aldri startar opp att.

Eksplosjon på Sløvåg
Foto: Wilheim Benidtson

Torsdag vart Vest Tank meld til politiet og fekk inndrege løyvet til å behandla farleg avfall.

Leiar i Eidsbotn Vel, Jon Ivar Steine, seier folk er mektig lei av alle plagene verksemda har påført dei.

- Vi har null tillit til Vest Tank, seier han..

Etterspelet etter eksplosjonen ved Vest tank i Gulen vert stadig meir betent.

Over ein månad etter at to tankar eksploderte ved anlegget slit bygdefolket med store luktplager og veit ikkje sikkert om farlege stoff er på avvegar i deira nærmiljø.

Meld til politiet

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap trekte i går tilbake alle løyve dei har gitt til Vest Tank for å handtere avfall. Like etter melde Miljøvernforbundet verksemda til politiet og hevdar dei lyg om innhaldet i tanken.

- Eg trur det kan vere bra. Kanskje det kan vere ein fordel for oss at dei seier kva dei har på tankane, seier Steine.

Leiinga ved Vest Tank har gått til motanmeldelse og aviser at dei har snakka usant om innhaldet i tankane.

Forstår bygdefolket

Ordførar i nabokommunen Masfjorden, Håkon Matre, seier arbeidsplassane ved anlegget er svært verdifulle, men han forstår godt bygdefolket som ynskjer ein anna type aktivitet på området.

- Alt har sin pris, men prisen kan bli for høg, seier han.

 - Når vert den for høg?

- Viss det er helsefarleg på nokon måte, så er prisen for høg. Men eventuelle plager er det ikkje ønskeleg at ein slik aktivitet føregår, seier han.