Hopp til innhold

Håper på nytt hotell på branntomta innan tre år

Det vil truleg koste rundt 120 millionar kroner å byggje eit nytt hotell på branntomta i Selje.

Selje Hotell, sommaren 2018. Branntomta og sentrum

HÅPER PÅ NYTT HOTELL: På ruinane etter det nedbrente hotellet kan det komme eit nytt hotell med 120 rom.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Vi ønskjer å byggje eit hotell som fyller det behovet vi ser når det gjeld turisme. Difor er målet å byggje eit hotell med om lag 100 rom, seier Bjarne Reidulf Krakereid som er styreleiar i det nyskipa selskapet Selje Hotell Invest AS.

I juni tok lokale investorar over festeretten til hotelltomta der det brannherja Selje Hotell står. Deler av hotellbygningen blei totalskadd i ein brann i november 2016.

Målet til det nyskipa selskapet er å få på plass eit flunkande nytt hotellbygg. Styreleiaren seier dei jobbar med å finne investorar til prosjektet.

– Får vi med oss gode investorar, så startar vi med regulering og lagar til ei prosjekt så fort som mogleg.

Ferdig innan tre år

Måndag blir det styremøte, og der skal dei diskutere om dei skal fjerne deler eller heile bygget som står der i dag.

– Vi håper at dei brannskadde massane blir fjerna i løpet av hausten og at vi då kan byrje å planleggje og teikne eit nytt hotell på tomta.

Krakereid trur det vil ta litt tid før eit nytt hotell kan opnast for gjestene.

– Eg trur vi må tenkje to-tre år fram i tid før noko kan stå ferdig.

– Korleis skal dei få inn 120 millionar kroner?

– Det er eit godt spørsmål og vi har heller ikkje diskutert dette i styret. Vi har presentert eit flott prosjekt til ei hotellkjede som vil vere med på dette og dei ser potensial i prosjektet.

Førebels vil ikkje Krakereid seie kva for ein hotellkjede dei har vore i kontakt med.

Trur det kan bli krevjande

Krakereid seier dei må ha signal om eit fullfinansiert prosjekt før dei set spada i jorda.

– Vi ser potensial for eit hotell med rundt 100 rom og konferansedel. Alternativet er at vi må redusere planane våre.

Han trur det kan blir krevjande på å få inn 120 millionar kroner, men han er likevel optimist.

– Det er mykje pengar, men vi veit at det er mykje pengar blant folk og at det er satsa andre stader. Vi må vere offensive i marknaden og få folk til å tru på dette prosjektet, både små og store investorar, seier han.

Selje hotel i brann

BRANN: Store deler av Selje Hotel i Selje gjekk i tapt i brannen i november 2016.

Foto: Alvin Honningsvåg