Hopp til innhold

Håper på 1500 til populært lokaloppgjer – russen lovar å komme

Med eigen russeknute for å sjå 16. mai-kampen mellom Førde og Florø, håper russepresidenten på god stemning på tribunen. Det er venta 1500 publikummar til det populære oppgjeret mellom erkerivalane.

Kristian Rindheim

TRUR PÅ SIGER: Russepresident Kristian Rindheim lovar god stemning på tribunen fredag. Biletet til høgre er frå cupkampen mellom Florø og Førde i april.

Foto: Privat/Truls Kleiven

– Russen frå Florø som tek turen til Førde, får billetten i lua. Vi skal setje vårt preg på Førde, lage god stemning og vi håper på ein god fotballkamp, seier russepresident Kristian Rindheim ved Florø vidaregåande skule.

Fredag er det klart for den populære 16. mai-kampen. No når Florø og Førde begge er i 2. divisjon, kan det liggje an til eit spennande lokaloppgjer.

NRK Sogn og Fjordane sender kampen mellom Førde og Florø direkte i nett-TV frå klokka 18.

Er sjølv Florø-spelar

Rindheim er til vanleg ein av spelarane på Florø sitt topplag. Men ein lyskeskade gjer at han ikkje har kome skikkeleg i gang med årets fotballsesong.

– Når eg ikkje kan vere på bana sjølv, skal eg leie troppen frå tribunen. Vi stiller sterkt i morgon, for eg har oppmoda russen om å sjå kampen.

Han tykkjer det er meir nervepirrande å sjå kampen frå sidelinja enn å spele sjølv.

– Vi skal hjelpe laget vårt til siger i morgon. Eg har ei god kjensle og håper det går vegen. Historisk sett er 16. mai-kampen mellom Førde og Florø den som betyr mest. Det å slå naboen, erkerivalen. Denne kampen er ein klassikar.

Mange russ også på bana

Terje Rognsø

HAR GOD KJENSLE: Florø-trenar Terje Rognsø seier dei har lagt ein god strategi for å slå erkerival Førde.

Foto: TRULS KLEIVEN

Florø-trenar Terje Rognsø seie at av ein stall på 18, er heile 10 russ i år.

– Dei har moderert feiringa si, men vi gler oss veldig til kamp. Vi har ei god kjensle og har ein strategi for å slå Førde. For to år sidan slo Førde oss, no ønskjer vi revansje.

Trur på 1500 publikummarar

Det er sett opp supporterbussar frå Florø i morgon slik at flest mogleg tek turen. Av 400 billettar som er sende til kystbyen, er 300 selde. Dagleg leiar Irene Bjørndal i Førde Fotball har tru på ein flott kamp i morgon med mykje folk som ser på.

– I tillegg til billettane i Florø, er det seld 100 til russen. Vi håper det kjem minst 1500 for å sjå kampen, seier ho.

Dei har dobla vakthaldet i forhold til ein vanleg kamp og politiet er på plass for å passe på. Med så mykje folk på tribunen, vankar det litt ekstra pengar i klubb-kassa.

– Det er klart det blir litt ekstra i morgon. No sjekkar eg titt og ofte vêrmeldingane og per no ser det ut til at det ikkje skal regne. Men eg trur folk kjem uansett ver for å sjå dette lokaloppgjeret. Det blir god stemning i morgon uansett ver, seier ho.

– Korleis trur du kampen endar?

– Det er vanskeleg å tippe, men vi er jo evige optimistar så eg håper på siger til Førde, seier ho.

Håper å måtte supplere talen sin

I Florø sit russepresident Kristian Rindheim og legg siste hand på 17. mai-talen sin.

– Eg er så godt som ferdig med talen no, men eg håper å kunne putte inn at det blei siger. Det er det einaste som står att no, ler han.

NRK Sogn og Fjordane sender lokaloppgjeret mellom Førde og Florø direkte i nett-TV frå klokka 18.

Sjå kampen mellom Førde og Florø frå klokka 18.

DIREKTE: Følg den spennande kampen mellom Førde og Florø i nett-TV frå klokka 18.