Håper Høgre stoppar kraftlina gjennom bygda

Grunneigarar i Ålfoten håpar Høgre i regjering vil vere redninga for å unngå den omstridde kraftlina gjennom bygda, men partiet nektar å kommentere saka.

Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger

VIL IKKJE: Grunneigarane vil ikkje gi seg, og har varsla ny runde i retten for å unngå kraftliner i Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger.

Foto: Hilde Myklebust

Sentrale Høgre-folk har tidlegare kritisert Senterpartiet og Ola Borten Moe i den betente striden om kor 420 kV lina skal gå gjennom Bremanger.

Grunneigar Ole Jonny Myklebust Elde håpar ei ny regjering vil flytte lina vekk frå sitt dalføre.

– Vi forventar at Høgre set seg inn i saka, gjer om på vedtaket og legg linja tilbake til Førdedalen.

Tapte i tingretten

Grunneigarane i Myklebustdalen i Bremanger har i snart to år kjempa mot at kraftlina mellom Ørskog og Fardal skal gå gjennom deira dalføre. Seinast førre veke tapte dei mot Statnett i tingretten i Førde. Snart ventar ei ny runde i retten, denne gongen mot Miljøverndepartementet.

Bakgrunnen for striden er at olje- og energiminister Ola Borten Moe trossa faglege råd og flytta den planlagde lina frå Førdedalen til Myklebustdalen i Ålfoten.

Forventar endra vedtak

Etterpå har det blitt både rettssaker og skuldingar om partikameraderi i Senterpartiet. Også dei borgarlege partia har vore høgt på banen og kome med kraftig kritikk.

No forventar Ole Jonny Myklebust Elde at ei ny høgredominert regjering skal endre linevedtaket.

– Vi reknar med at når dei seier dei vil ha ein ny kurs, då må dei gripe tak i slike saker og vise at dei meiner alvor.

Vil ikkje kommentere

Bjørn Lødemel

VIL IKKJE SEIE NOKO: Bjørn Lødemel (H) vil ikkje uttale seg så lenge saka er i rettsapparatet.

Foto: Alf Vidar Snæland

Men grunneigarane får ikkje svar frå Høgre. Både stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og gruppeleiar i Bremanger Høgre, Audun Åge Røys, nektar å kommentere saka til NRK.

Lødemel seier det er av omsyn til at saka ligg i rettsapparatet, og fordi dei borgarlege partia no forhandlar. Han vil ikkje la seg intervjue på radio om han som stortingsrepresentant vil jobbe for at tidlegare vedtak blir gjort om på.

Trur på flytting

Grunneigarane i Myklebustdalen har dårleg tid. Statnett ynskjer å kome i gang med bygginga, og etter å ha vunne i tingretten i Førde meiner selskapet det berre er å setje i gang. Samstundes ynskjer grunneigarar å anke til lagmannsretten.

Men trass i at sentrale høgrefolk ikkje vil uttale seg, trur Myklebust Elde framleis på at Høgre skal vere redninga for grunneigarane i Myklebustdalen.

– Dette vedtaket kan ikkje bli ståande, seier han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.