NRK Meny
Normal

Håper å fylle Fosshaugane

I dag kan det bli fulle tribuner når Sogndal spelar sin første heimekamp i eliteserien på sju år.

Publikum på Fosshaugane

BLIR DET FULLT?: Sogndal Fotball håper på fulle tribuner i dag.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, er optimist føre dagens kamp.

– Eg trur vi kjem til å nærme oss utseld i dag. Vi veit det går mange billettar når det nærmar seg kampstart, seier han.

Bra førehandssal

Geir Inge Heggestad

OPTIMIST: Geir Inge Heggestad trur at Sogndal vann 2-0 i dag.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det er førehandsseld 2500 billettar når det er seks timar til kampen startar. Fosshaugane har plass til 3720 tilskodarar.

– Det er vanskeleg å vite kor mange som kjem, sidan det er første heimekamp i eliteserien. Men alle i heile Sogn og Fjordane er hjarteleg velkomne til kampen i dag. Sola bryt gjennom og det blir veldig bra ver.

Også når det gjeld sesongkort er Heggestad godt nøgd.

– Vi har seld 1553, noko som er 50 prosent betre enn i fjor.

– Alt står på hovudet

Heggestad har travle timar framføre seg, men trur at alt er i rute.

– Vi har bra kontroll, sjølv om alt står på hovudet akkurat no.

Grasmatta som for ikkje så lenge sidan var dekka av mykje snø, er no fin og grøn.

– Bana er kjempebra. Det kom masse regn i går, men no er det sol og den tørka opp. I dag er den verken for hard eller for mjuk, men akkurat slik ei god bane skal vere.

LES OGSÅ: No vil Ulrik ha tillit frå start

Trur på siger

Tippeligastarten på Marienlyst mot Strømsgodset for to veker sidan. enda med tap 2-1 . I dag trur Heggestad at deg går Sogndal sin veg.

– Eg trur vi vinn 2-0, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser