I dag skal vegvesenet inn igjen i tunnelen for å vurdere skadeomfanget, seier seksjonsleiar i vegvesenet, Margot Åsebø.
– Vi må få oversikt og sjå om det er trygt. Det er nok ein del laus betong i henget og det er masse som må reinskast ned før vi kan inspisere skaden, seier seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen.
Må sikre tunnelen
Vogntoget var på veg frå Måløy til Florø med bensin, då hengaren med 16 500 liter losna, trilla i tunnelveggen og seinare eksploderte. 15 personar blei evakuerte ut av den undersjøiske tunnelen. Seks personar blei sende til sjukehus.
Etter at røykdykkarar i går blei trekte ut av tunnelen, har ingen vore inne der på grunn av varmen.
For å sikre at ingen får lause gjenstandar over seg, seier Åsebø at dei må gjere nokre tiltak.
– Vi har spylebil med høgtrykk og ein piggbil som hakkar ned laus masse. Å gå inn i tunnelen utan at den er sikra, er farefullt.
Men først skal røykdykkarar inn for ta prøver og kartleggje gassar i tunnelen.
Reknar med omfattande øydeleggingar
– De aner ikkje kva som møter dykk?
– Nei, med den varmeutviklinga som var i går, reknar vi med omfattande øydeleggingar. Det er nok skader i tunnelhenget, i vegbana og i drensystemet. Det elektriske anlegget og kabelbrua er også skadd. Det er omfattande, men vi veit ikkje kor langt ut øydeleggingane går.
– Kva vil skje dei kommande dagane?
– No skal vi først kartleggje skadane, så må vi planleggje reparasjonar. Det vil ta tid.
- Les også:
- Les også:
Stort farepotensial
Ho seier at farepotensialet er stort når eim hengar med 16.500 liter bensin tek fyr.
– Men alt tryggleiksutstyr verka. Vaktsentralen stengde tunnelen 46 sekund etter at dørene i eit brannskap blei opna. Likevel er skadepotensialet stort. Det er lite du kan hjelpe deg med når så mange liter tek fyr.
– Kva tenkte du då meldinga om eksplosjonen kom?
– Dette er scenario vi har tenkt på på førehand. Tunnelen er utstyrt med tanke på at slikt kan skje. Men det er ein lågtrafikkert tunnel, så sjansane for at slik skal skje er relativt låge.
- Les også:
- Les også:
(Artikkelen held fram under biletet)
Veit ikkje kor mykje vatn der er i tunnelen
Onsdag ettermiddag kom det melding om at tunnelen kunne kollapse på grunn av det kom vatn inn. Ein indikator viste at det stod ein meter vatn i tunnelen.
– Det såg ut som vatnet steig veldig raskt. men det var feil på flottøren. Vi veit ikkje kor mykje det er snakk om før vi har vore inne i tunnelen i dag. Men vi i vegvesenet trudde aldri tunnelen kunne kollapse, for det 40 meter fjell mellom tunneltaket og sjøbotn.