Hopp til innhold

Håpar vertar skal hindre ulukker

I sommar skal nye tiltak gjere det tryggare å ferdast ved Nigardsbreen i Luster. Vertskapet skal vere til stades ved sperringane på dagtid og fortelje om breen og forklare turistane risikoen ved å bevege seg for nær. Dag Tore Dysvik (biletet) har hovudansvaret for vertskapet. I høgsesongen frå 15. juli til 15. august skal det vere vakt ved breen kvar dag. I fjor sommar omkom ein turist frå Austerrike då han og to andre turistar hamna i vatnet ved Nigardsbreen etter at dei gjekk forbi sperringane. – Dei oppsette sperringane fungerer berre til ein viss grad. Turistane veit ikkje kva dei utset seg for, seier Magnus Snøtun, fagleiar for landbruk og naturforvaltning i Luster kommune. Han fortel vidare: – Breen er i bevegelse. Det må vi informere turistane om.

Dag Tore Dysvik
Foto: Anne Rudsengen