No kan dette fyret bli redda frå forfall

Hendanes fyr i Sogn og Fjordane vart avfolka i 1952. No vil eit ektepar frå Bærum sette fyret i stand att og opne det opp for turistar.

Hendanes fyr i forfall.

TIL FORFALL: Hendanes fyr i Vågsøy ligg dramatisk til, om lag sju kilometer frå Måløy sentrum.

Foto: Kjetil Indrevær

– Eg var på synfaring og tykte det var ein fantastisk stad, seier Line Mari Haugland Münster-Dahl.

Ho fekk fyrste gong vite om Hendanes for sju–åtte år sidan då ei venninne delte ein artikkel om fyret. Denne veka vedtok eit fleirtal i nye Kinn kommunestyre å løyve ein million kroner til utbetring av vegen opp til fyret, som i fleire år vore i ferd med å smuldre opp.

– Naturen, havet, utsikta og vêret, det er fryktinngytande å vere så tett på havet på ein slik stad, seier Münster-Dahl, som har med ektemannen på laget.

Line Mari Münster-Dahl

DRAUM: Line Mari Haugland Münster-Dahl ser fram mot å pusse på Hendanes fyr saman med mannen. Dei er frå Bærum, og har kjøpt ein stad å bu i Måløy som dei kan ha som ein base.

Foto: Privat

– Viktig å styrke kystkulturen

I dag er det meir enn 60 fyr som tilbyr overnatting, og som slik er med å halde lys og liv i dei gamle fyra langs kysten.

Seniorrådgjevar Guttorm Tomren i Kystverket seier Hendanes fyr er eit prosjekt dei lenge «har hatt på vent». Med pengane får Kinn kommunestyre på plass, vil dei resterande midlane frå Kystverket sitte lausare, seier han.

– Vi prøver å leige ut så mange fyr som mogleg. I dag leiger vi ut rundt 70 stasjonar, av 114 totalt. Kravet vi set er at det skal vere til allmennyttige formål slik at folket har tilgang der.

Å sikre og reparere vegen vil truleg koste om lag to millionar kroner, anslår han.

Store kontrastar

Fyret vart bygd heilt tilbake i 1914, men allereie i 1952 vart det avfolka og sidan automatisert, i 1963. Etter det har det blitt gjort minimalt med vedlikehald. Mange vil redda det falleferdige fyret, men Kystverket vågar ikkje leige det ut.

Kontrasten til Kråkenes fyr, i same kommune, der tusenvis av timar har blitt lagt ned i vedlikehald, kunne knapt vore større. Det har ført til turistbesøk frå heile verda.

– Det vil betyr mykje for reiselivssatsinga her på kysten, seier Sissel Wiik, prosjektleiar i Måløy Vekst.

– Hendanes fyr har ei fantastisk utsikt frå ei bratt fjellhylle. Dette vil vere noko heilt unikt for både for turistar og innbyggarane i kommunen. Og vi vil bidra så godt vi kan framover for å få dette til.

Skisse over mogleg plan for Hendanes

SKISSE: Slik kan det kome til å sjå ut, dersom planane til Line Mari Münster-Dahl blir realiserte. Denne skissa er ikkje førande for korleis det skal sjå ut til slutt.

Foto: Line Mari Haugland

Kjærleik ved fyrste blikk

Line Mari Haugland Münster-Dahl og ektemannen har drøymt om å pusse opp det gamle fyret sidan dei fyrste gong så det. No ynskjer dei å skape ei reiselivsperle med servering og overnatting.

– Vi må brette opp ermane og setje i gang. Eg veit ikkje kor langt fram det er, men vi er meir og meir optimistiske når vi ser satsinga på reiseliv i området. Det er absolutt rett tid å satse no.

HENDANES FYR: Fyret er eitt av fire i Vågsøy kommune.