Håpar stifting kan berge skulen

Tida er for alvor i ferd med å renne ut for Sogn Jord- og Hagebruksskule. No er håpet at ei stifting kan bli berginga.

Noralv Distad og Sogn jord- og hagebruksskule

STIFTING: Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland håpar no at ei stifting kan bli berginga for Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Foto: Silje Immel Slettestøl

Om ikkje jordbruksskulen i Aurland får pengar før sommaren kan den bli lagt ned. Skal skuledrifta halde fram krev Sogn og Fjordane fylkeskommune at skulen blir rusta opp, samla prislapp for det vil bli på rundt 80 millionar kroner.

Håpet er no at ei stifting skal stå for bergingsaksjonen.

Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland meiner det vil vere eit svik om ikkje stiftinga får støtte.

– Det er både umogleg og heilt uforsvarleg, og vil vere eit slag i ansiktet på alle dei som har trua på eit kompetansemiljø i økologisk landbruk, om vi seier nei til å finne ei løysing, seier ordføraren.

Treng over 80 mill. til opprusting

Framtida til Sogn Jord- og Hagebruksskule har hange i ein tynn tråd lenge, og tråden blir berre tynnare.

Ferske tal synet at det vil koste 83 millionar kroner å ruste opp skulen, ei opprusting fylkeskommunen set som krav om skulen skal få leve.

Med Aurland kommune med på laget inviterer Sogn og Fjordane fylkeskommune no til eit spleiselag for å sikre det dei meiner er ein nasjonalt viktig institusjon.

I invitasjonen til å etablere ei stifting viser fylkeskommunen til følgjande når dei skal grunngje kvifor dei skulen er så viktig.

  • Den einaste heilskapleg økologiske naturbruksskulen i landet
  • Nasjonalt kompetansesenter for foredling av rå mjølk
  • Kompetansesenter for stadbasert læring
  • Skal bli eit fyrtårn for økologisk bygging generelt og for skulebygg spesielt

Vil gå inn med fem millionar

Ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad, er svært positiv til at ei stifting skal ta over bygga.

– Eg trur at også mange andre aktørar vil sjå det som ein fordel.

– Vi ønskjer gå inn med fem millionar kroner, og håpar fylkeskommunen kan gå inn med ein stor sum, og så vil vi invitere andre til å vere med, seier Distad.

– Eit nasjonalt fyrtårn

Fylkeskommunen har i årevis prøvd å få til eit spleiselag med staten, sidan skulen er landslinje.

I fjor gav det seg sjølve frist til mars i år med å finne ei løysing. Om ikkje blir skulen lagt ned på sikt. Det vil ikkje ordføraren akseptere.

– Sogn Jord- og Hagebruksskule er eit nasjonalt fyrtårn for økologisk landbruk, og er mykje meir enn ein vidaregåande skule. Det trur eg må vere argumentasjonen for at vi skal vinne fram og få statlege midlar, seier han.

Vil at stat og fylkeskommune opnar lommeboka

Så langt har verken Storting eller regjering lovd pengar til skulen.

I kveld er det folkemøte, og det er tidlegare senterpartiordførar Olav Ellingsen som står for invitasjonen. Han er no ein del av venneforeininga for skulen, og håpar dei skal greie overtyde fylkespolitikarane om å støtte den nedleggingstruga skulen.

Ellingsen ser ikkje vekk frå at medlemmene i venneforeininga kan vere med å spytte pengar inn i ei stifting, men meiner det først og fremst er stat og fylkeskommune som må punge ut.

– I prøver gjere ein ekstra innsats for å sjå korleis ein kan finne moglegheiter til å ri av stormen. Slik eg ser det er det staten og fylkeskommunen som burde dra det tyngste lasset her.

Fylkestinget skal fatte vedtak om framtida til skulen i juni. Administrasjonen førebur no saka til politikarane.