Hopp til innhold

Marknadsføringa i Kina var prega av isfronten mellom landa

Isfronten mellom Noreg og Kina sette ein brems på marknadsføringa av norsk reiseliv i Kina. No er stemninga snudd og eit statsbesøk til landet kan gjere det enklare å lokke kjøpesterke kinesarar til Noreg.

Nærøyfjorden

NY KURS: Før kom kinesiske turistar i høgsesongen, men seinare år har stadig fleire kome til Noreg gjennom vintersesongen, noko som er heilt i tråd med målsettinga til reiselivsnæringa.

Foto: Tomasz Furmanek

Fleire statsrådar slår truleg følgje med kongeparet til Kina seinare i haust. Statsbesøket vert det andre på like mange år, etter at ein seks år lang isfront mellom landa vart avslutta då statsminister Erna Solberg (H) besøkte Kina i april 2017.

Det anstrengde forholdet mellom landa har påverka norsk reiseliv.

– Det er viktig å tenkje på den historia vi har med Kina. Tidlegare har vi berre vore profilert som ein del av Nord-Europa og Norden. No har vi moglegheit til å tilby norske produkt litt tydelegare, seier reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Visit Norway.

– Er det uproblematisk å opprette kontakt med kinesiske reiselivsaktørar no?

– Det er i alle fall på betringas veg. At reiseliv får lov å vere ein del av statsbesøket er med på å gjere det lettare for oss no, og sikkert også i framtida.

Kongen fekk invitasjon

Statsbesøket starta truleg med invitasjonen Kong Harald fekk av Kina sin president i høve kongen sin 80-årsdag. NRK får stadfesta at toppsjefane i ti av Noreg sin største reiselivsbedrifter også reiser til Kina i samband med statsbesøket.

Kinesiske turistar er viktige for norsk reiseliv. Dette er turistar som veldig ofte kan kome utanom dei tradisjonelle høgsesongane, seier Per-Arne Tuftin i Norsk Reiseliv.

Å auke turistbesøket i skulder- og vintersesongen er eit av hovudmåla til næringa. I tillegg ønskjer ein seg turistar som reiser individuelt.

Bente Bratland Holm

SKAL SELJE NOREG: – Masseturisme frå Kina, det skal vi prøve å unngå i framtida, seier reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Visit Norway.

Foto: Visit Oslo

Svikt i sommar

Etter ti år med kraftig vekst i kinesiske turistar skjedde det noko uvanleg i juni. Talet på kinesiske hotellgjester gjekk ned heile 15 prosent samanlikna med juni i 2017.

– Vi òg merka ein stor tilbakegong frå Kina og Asia, seier dagleg leiar Sivert Bakk ved den populære Flåmsbana.

Eit haustleg statsbesøk til Kina kjem såleis på eit gunstig tidspunkt.

– Det kan berre slå positivt ut. Det er viktig å vere i marknaden og prate med dei, seier Bakk.

Børsuro og eit fotball-VM i Russland, som dreiv prisane opp, vert peika på som årsaker til svikten. Sjølv om statsbesøket kjem i stand uavhengig av svikten, vedgår Bratland Holm at tidspunktet er bra.

– Vi kan køyre ei meir aktiv og tydeleg profilering av Noreg overfor dei kinesiske segmenta som vi ønskjer å nå.

I Flåm ser Sivert Bakk allereie at kinesarane er på veg tilbake. Turistar frå Asia er sentrale i å bygge ein heilårsdestinasjon.

– Fram til no har dei vore vår aller viktigaste marknad på vinteren. Sytti til åtti prosent av trafikken på vinterstid er asiatar.