Hopp til innhold

Håpar Piotr slepp med ein kamp

Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling håpar keeperkjempen Piotr Leciejewski slepp unna med ein kamp karantene etter dommarangrepet i går.

Video Raud kort til keeper Piotr Leciejewski

Sjå klipp frå kampen der Sogndal-keeperen får raudt kort etter å ha gått til angrep på dommaren.

- Det såg verre ut enn det var, seier Fylling til NRK.no.

Dommaren bles straffe- vart angripen

Det var under bortekampen mot Løv-Ham i går at Sogndal-keeperen mista hovudet.

I det 72 minutt slapp Leciejewski inn det første målet i kampen. Knappe to minutt seinare er Løv-Ham igjen farlege framfor mål og Sogndal-keeperen endar med å springe ned Erlend Storesund.

Piotr Leciejewski

Keeper Piotr Leciejewski måtte gå rett i garderoba etter det raude kortet mot Løv-Ham.

Foto: Rune Fossum / NRK

Når dommaren deretter bles straffe ser Leciejewski raudt og går til angrep på dommaren. Resultatet vart kort av strengaste valør og utvisning. Fylling meiner hendinga ser verre ut enn den var.

- Det som gjorde at Leciejewski var uheldig, er han spring ut mot dommaren og skal protestere. Samtidig så kjem dommaren i full fart mot han, seier sportssjefen.

Håpar på éin kamp karantene

Trond Fylling

Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling håpar keeperkjempa slepp unna med ein kamp karantene.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det er endå ikkje bestemt om Leciejewski må stå over meir enn ein kamp som følgje av episoden.

- Vi håpar han slepp unna med ein kamp karantene, seier Fylling.

Informasjonssjef i Norges Fotballforbund, Yngve Håvik seier det førebels ikkje er avgjort kva straff Sogndal-keeperen får for hendinga.

- I første omgang skal vi diskutere hendinga på eit kamprunde-møte i ettermiddag. Der vil det bli bestemt kva som skjer vidare, seier Håvik til NRK.no.

Nøgd med andre-keeperen

Etter 2-0 tapet mot Løv-Ham i går manglar Sogndal framleis poenga som gjer at dei kan kjenne seg sikre på opprykk til eliteserien.

Leciejewski som er rekna som den beste keeperen i 1. divisjon har i fleire kampar berga poeng med matchvinnande redningar for Sogndal. Fylling trur likevel ikkje at det er katastrofe at keeperkjempa no er ute i seriefinalen mot Fredrikstad på onsdag.

Joseph Bendik, Sogndal Fotball

Joseph Bendik redda i går straffa då han kom inn i kampen mot Løv-Ham.

Foto: Stig Høynes

- Joseph Bendik er meir enn god nok. Han har stått i mål i fleire kampar, mange av dei cup-kampar, seier Fylling.

Seinast under kampen mot Løv-Ham i søndag viste Bendik seg fram då han redda straffe etter Leciejewski si takling av Storesund.

- Bendik er henta inn for å vere ein utfordrar til Piotr på sikt. Kampen på onsdag vil vere inspirerande for Joe, og vi håpar og trur han vil lukkast, seier Fylling.

- Vert ikkje overraska om vi vinn

Han vedgår samtidig at det er ein tøff kamp som ventar mot Fredrikstad som er tabelltoar.

- Førre kamp mot Fredrikstad var ingen god kamp. Når vi samtidig har tapet mot Løv-Ham i går friskt i minne blir det tøft, seier Fylling.

Han seier laget likevel er innstilt på å vise at dei verkeleg har lyst på ein plass i den beste ligaen i Norge.

- Eg håpar vi tråkkar skikkeleg til og viser både publikum og Sogn og Fjordane at vi vil stå på for å klare opprykk.

- Ja, men då blir det siger på onsdag då?

- Det vil vi og håpar vi veldig. Og det vil ikkje overraske meg om det blir siger, seier sportssjefen.