NRK Meny
Normal

Håpar på virtuell alarmsentral

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane håpar at 110-sentralane kan få såkalla virtuell samorganisering.

Virituell alarmsentral

KJEMPAR FOR 110-SENTRALEN: Øyvind Bang Olsen er styreleiar for Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Foto: Montasje: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har fått gjennomslag for dette hjå partia på Stortinget, seier styreleiar Øyvind Bang Olsen.

Torsdag vart kjent at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har vedteke å flytte 110-sentralen i Florø til Bergen. I eit brev blir Bergen kommune no pålagt å etablere ein 110-sentral for den nye 110-regionen. Sentralen skal samlokaliserast med politiet sin operasjonssentral i Bergen.

Innanfor

I Sogn og Fjordane har både KS og Alarmsentralen håpar at 110-sentralane kan få såkalla virtuell samorganisering. Det inneber at telefonar til 110 går til den første ledige operatøren uansett kvar det er.

– Partia som står bak reforma seier at denne løysinga er innfor vedtaket som Stortinget har gjort, og vi forventar at Justisdepartementet følgjer opp dette, seier Bang Olsen.

Det ligg no ein søknad på justisministeren sitt bord om eit forsøksprosjekt med virtuell alarmsentral i Sogn og Fjordane.

Håpar på rask avgjerd

På alarmsentralen i Florø er det i dag 14 arbeidsplassar. Bang Olsen håpar dei gjennom ei virtuell løsying skal kunne behalde alle desse også i framtida.

– I og med at heile Sogn og Fjordane står bak dette, så håpar vi at justisministeren kjem med ei rask avgjerd om saka. Vi forventar vel no eit positiv svar, sjølv om vi ikkje kan vere heilt sikre, seier Bang Olsen.

Ulf Leirstein, stortingsrepresentant for Framstegspartiet, opplyser at FrP, Høgre, KrF, Venste og Ap på Stortinget har hatt møte om søknaden frå Sogn ogg Fjordane.

– Vi er einige om at vi tilrår søknaden og prøveprosjektet vert på til dømes tor år. Vi tilrår at justisdepartementet seier ja, seier Leirstein.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.