Hopp til innhold

Håpar på utviding av produksjonen i 2020

Hydro Aluminium skal fram mot 2020 fornye og auke produksjonskapasiteten på anodar. I Årdal håpar dei å få sin del av utbygginga.

Årdalstangen Hydro

AUKE KAPASITETEN: I Årdal håpar dei å få sin del av utbygginga når Hydro Aluminium skal auke produksjonskapasiteten.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi er rimeleg trygge på at det skjer eit eller anna ved Årdal Carbon, men noko fysisk skjer ikkje før 2020, seier Odd Arne Fodnes i Årdalstangen Kjemiske Arbeidarlag.

Han sit i ei styringsgruppe som skal kome med ei innstilling. Mot slutten av året tek truleg Hydro Aluminium avgjerda om korleis konsernet skal auke anodeproduksjonen sin.

Kapasitet på 400.000 tonn anodar

Fodnes håpar at Årdal får maks av det som er mogeleg å få til på Årdalstangen – ein kapasitet på bortimot 400.000 tonn anodar i året. I dag er kapasiteten 190.000 tonn.

Dei skulle gjerne ha sett at dei kunne ta meir, men det er ikkje plass til ein ny anodefabrikk, og dei må difor forlenge den som er der. I første omgang betyr det den eine av to omnsrekker. I den andre har brennomnane levetid til 2030.

I dag har Hydro anodeproduksjon på Årdalstangen og på Sunndalsøra, i tillegg gjennom selskapet Alukemi i Rotterdam. Fodnes trur kapasitetsauken blir delt mellom Årdalstangen og Sunndalsøra.

– Då lyt vi nok auke bemanninga i forhold til auke på både lengde og breidde på omn, men den debatten har vi ikkje hatt enno, seier han.

Alle moglegheiter opne

Halvor Molland

OPE: Halvor Molland, infomasjonsdirektør i Hydro, seier det er altfor tidleg å seie noko om kvar utbyggingane kjem.

Foto: Nina L. Dauge / NRK

Informasjonsdirektør Halvor Molland seier at det er altfor tidleg i prosessen til at Hydro Aluminium kan seie om Fodnes får oppfylt ynskjet sitt.

– No er alle moglegheiter like gode. Det er arbeidet framover som vil avgjere korleis vi vel å gjere det, om det blir å fornye og utvide kapasiteten eller om ein vel å byggje nye anlegg.

Hydro treng meir anodeproduksjon på grunn av auka produksjon av aluminium dei komande åra, mellom anna pilotanlegget på Karmøy der det skal produserast 70.000 tonn i året. Til det trengst det 35.000 tonn anodar.

Odd Arne Fodnes merka seg ein lovnad frå konsernsjef Svein Richard Brandtzæg då pilotanlegget hamna på Karmøy og ikkje i Årdal.

– Det er verdt å merke seg utsegnet hans om at Årdal Carbon skulle vere ein leverandør å føretrekkje til piloten. Det skal vi vite å minne om, seier han.