Håpar på sporsnø for å få starta jakta på ulven

Dersom hjortejegerar ikkje klarar å skyte ulven, som har herja i Naustdalsfjella i sommar, innan 23. desember, vert det sett i gang ulvejakt av eit organisert jaktlag. Dei håpar på sporsnø for å få has på rovdyret.

Vidar Heggheim vil bli kvitt ulven til neste beitesesong

PRIORITET: - Beitenæringa må ha prioritet. Vi har ikkje bruk for nokon svensk hannulv i Naustdalsfjella, seier sauebonde Vidar Heggheim.

Foto: Bård Siem / NRK

– I området nord for oss og innover der har vi tapt veldig mykje sauer i sommar, fortel gardbrukar Vidar Heggheim.

Han peikar opp i Åsedalen i Naustdal der ulven tidlegare i år har teke mange sauer. For ei veke sidan vart ulven sist sett nettopp i Åsedalen, der han vandra på leit etter mat.

Sauebønder i fylket har meldt inn krav om erstatning for 298 sauer og lam, drepne av ulv i år. Totalt har bøndene søkt om rovdyrerstatning for 1.700 sauer og lam etter årets beitesesong, noko som er meir enn tre gonger så mykje som eit normalår.

Er avhengige av gode snøtilhøve

I indre Sogn har jerven herja store delar av sommaren. Både i Naustdal og i Angedalen i Førde har ein gjort observasjonar av ein ulv som ein meiner er ein svensk hannulv.

I Angedalen stod sauebonde Ove André Tjønneland ansikt til ansikt med ein ulv då han skulle ta med seg ein saueflokk ned att til garden.

Hjortejegerar med lisens har lov å skyte ulven, men dei har så langt ikkje greidd å få has på rovdyret. Dersom ikkje ulven er felt innan 23. desember, blir det fylkesfellingslaget si oppgåve å ta ut dyret på nyåret.

– Skal ein gjere noko organisert over litt større område, er ein avhengig av gode snøtilhøve, seier Aarhus.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vidar Heggheim fryktar for livet til sauene sine

HAR SETT KVA SOM SKJER: - I sommar har vi sett at å ha ulv i lag med sauer, går berre ikkje, seier Vidar Heggheim.

Foto: Bård Siem / NRK

Må setje inn innsatsen mot eit mindre område

For med eit lag med nysnø let det seg gjere å sjå spor etter ulven, og det gjer jobben med å finne ut kor rovdyret held seg, monaleg lettare enn på berr bakke.

– Ulven går over store område, og då må vi vite kor han er på eit gitt tidspunkt, og så må vi setje innsatsen inn mot eit mindre område, men vite at dyret er der, seier Aarhus.

Han legg til at det ideelle er fem til ti centimeter med nysnø.

– Det ideelle er nysnø og to dagar med fint vêr etterpå. Då har vi tid til å leite og ferske spor, seier Aarhus.

Må få avklart situasjonen

Vidar Heggheim, som har mjølkeproduksjon og 65 vinterfôra sauer, seier ulven må vekk frå Naustdalsfjella og Sogn og Fjordane.

– For beitenæringa dreiar det seg no om å få avklart situasjonen til neste beitesesong. Det er det som er målet vårt no, seier Heggheim, som meiner det må gjerast noko.

– Det er meiningslaust å sleppe dyr på beite berre for at ulven skal rive dei sunde. Det er ikkje slik vi driv matproduksjon, seier Heggheim.

– Mange meiner ulven ikkje må skytast, og at han er eit freda dyr som ein må ta vare på.

– Vi har iallfall ikkje bruk for ein svensk hannulv i skogen i Naustdal. Eg har vanskeleg for å forstå at det skal vere vår oppgåve å ha ei svensk hannulv gåande her, seier Heggheim.

Meiner beitenæringa må ha prioritet

Dersom ulven er i området og snøforholda er fine, trur leiaren av jaktlaget at sjansane for å få felt ulven, er gode.

– Då har vi ganske gode sjansar. Men jakt er jakt, og det er store vidder og gjerne berre eitt enkeltindivid. Det blir litt som nåla og høystakken. Dette er heller ikkje noko vi er vane med i våre trakter, men sjansane er gode med gode snøforhold, seier Aarhus.

Naustdals-bonden er klar på kva han meiner er viktig.

– Her skal beitenæringa ha prioritet. I sommar har vi sett at å ha ulv i lag med sauer, går berre ikkje, seier Heggheim.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.