Pasientar og tilsette slit med varmen – solskjerming kjem tidlegast neste år

FØRDE (NRK): Den varmaste dagen i året merkast godt på Førde sentralsjukehus. – Å få på plass solskjerming i løpet av 2019 er det beste målet vi kan setje oss, seier Helse Førde-direktøren.

Førde Sentralsjukehus 27.07.18

STEIKER I SOLA: På varme dagar kan det ifølgje tilsette vere minst like varmt inne på Førde sentralsjukehus som ute.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

Når sola skin ute, vert det også svært varmt inne på sentralsjukehuset i Førde. Direktør Arve Varden fortel at den varme starten på sommaren førte til at det i juni vart teke grep for å kjøle ned pasientane.

– Som eit strakstiltak bad vi alle avdelingane våre melde til driftsavdelinga om dei trengde fleire vifter til pasientrom og personalrom, seier Varden, og er rask med å legge til at det skal gjerast meir.

Arve Varden

NESTE ÅR: Arve Varden i Helse Førde håpar på solskjerming på sjukehuset i løpet av 2019.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Vi har starta ein dialog med Riksantikvaren om løysingar for å få solskjerming på sjukehuset. I tillegg ser vi på moglegheitene for utbetring av ventilasjonsanlegg i forbindelse med arbeidet med nye Førde sjukehus.

Når dette kan vere på plass er usikkert. Solskjerming ligg per no ikkje inne i budsjetta, men direktøren seier det blir jobba med å få det inn i budsjettet for neste år.

– Vi har sagt til dei tillitsvalde og vernetenesta at vi må vere ærlege med oss sjølv. Vi må seie at å få på plass noko i løpet av 2019 er det beste målet vi kan setje oss per i dag, seier han.

Delar av Førde sentralsjukehus er freda, men ifølgje Varden skal ikkje dette vere til hinder for planane.

– Vil hjelpe mykje

På sengepostane i 8. etasje trur seksjonsleiar Inghild Espeland Mowatt at solskjerming vil vere til god hjelp både for pasientar og tilsette.

– Solskjerming vil hjelpe mykje. Det beste hadde vore eit kjøleanlegg på avdelinga, men det er nok ikkje aktuelt her.

Vifte Førde Sjukehus

STRAKSTILTAK: Foreløpig er det opne vindauge og vifter som vert brukt for å kjøle ned pasientane.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

Fram til solskjerminga kjem på plass gjer dei tilsette det dei kan for å kjøle ned pasientane.

– Vi kan skjerme for sola med gardiner og bruke vifter. Mange eldre likar ikkje trekk, anten det kjem frå opne vindauge eller vifter, men det lindrar litt, seier hjelpepleiar Bodil Bruland Vikene.

Sjukepleiar Gunn Mariann Følling fortel at varmen er krevjande for både pasientane og personalet. Mellom anna kan den gå ut over konsentrasjonen til pleiarane.

– Vi må vere ekstra påpasselege med å væskeinntak. Både sjølve, slik at vi kan gjere den jobben vi skal, og for pasientane som gjerne er reduserte frå før.

Inghild Espeland Mowatt, Bodil Bruland Viken, Gunn Mariann Følling

SOLSKJERMING VIL HJELPE: Seksjonsleiar Inghild Espeland Mowatt (f.v.), hjelpepleiar Bodil Bruland Vikene og sjukepleiar Gunn Mariann Følling.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

– Eg renn vekk

To av dei som ligg på sengepostane er Astrid Soltveit og Tove Røysum.

Astrid Soltveit

HAR IKKJE VIFTE: Astrid Soltveit.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

– Det er veldig varmt, og lite luft. Eg renn vekk både på dagen og om natta. Akkurat her eg ligg har eg ikkje moglegheit til å ha vifte, fordi det er ikkje uttak til det. Det burde dei ordne, seier Soltveit og legg til:

– På intensivavdelinga hadde eg vifte heile døgnet, og det var anten berre to på kvart rom eller så var eg aleine. Så kom eg opp hit på onsdag, og då vart det atskilleg tettare luft, seier ho.

Røysum merkar også forskjell mellom intensivavdelinga og sengepostane.

Tove Røysum

SKRYT AV PLEIARANE: Tove Røysum.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

– Eg synest det er veldig heitt. Det var ganske bra nede på akutten, men det er varmt her lenger oppe i etasjane.

Sjølv om Røysum synest der er varmt på rommet, skryt ho av arbeidet dei tilsette gjer for å kjøle ned pasientane.

– Eg har fått ei vifte, og pleiarane gjer alt dei kan for at vi ikkje skal koke. Eg synest synd på dei som må jobbe her i denne varmen.