Hopp til innhold

Håpar på snarleg opning av vegen

FLÅM/FØRDE (NRK): – Vegen kan opnast forholdsvis raskt, men om det vert i morgon kveld eller tidleg tysdag kan eg ikkje sei sikkert, seier ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad.

Vegen i Flåmsdalen er sperra etter eit stort steinras søndag.

RAS: Store steinblokker sperrar vegen i Flåmsdalen. fILM: Jan Inge Magnussen frå Aurland kommune.

Han har nett vore oppe i helikopter og sett på raset saman med ein geolog. Det var då bonde Anders Fretheim skulle opp og sjekke fjellbeitet søndag morgon at han vart stoppa av ein stengt veg. Eit stort steinras har gått i løpet av natta og sperrar no heile vegen.

Distad ved Flåm skule

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, her ved Flåm skule som nett har fått ny bru etter raset i fjor haust.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Det er ikkje så store skader på sjølve vegen, men det er naudsynt å reinske vekk lause blokker ovanfor vegen. Det vil bli gjort i løpet av morgondagen av ei klatregruppe, seier Distad.

Populær sykkelveg

– Det er skikkeleg stygt. Eg kom berre 500 meter opp forbi Kårdalstunnellen. Der hadde det gått eit svært steinsprang som har teke ut heile vegbana. Det er ca. 50 meter breitt. Det er ein hammar som har losna i fjellsida, sa Fretland då han kom over raset søndag morgon.

Dette er ein gammal bygdeveg som er eigd av kommunen. I dag er den hovudsakleg brukt av gåande og syklande, m.a. syklistar som kjem syklande frå Rallarvegen, ein av dei mest populære sykkelrutene i Noreg. Årleg kjem 20.000 syklistar gjennom dette området.

Akkurat her går Flåmsbana i tunnel. Elles er det ingen alternativ måte å kome seg forbi.

– Det går til naud an å gå på andre sida av elva her, men det er ikkje tilrådeleg. Slik det ser ut no bør folk vere varsame. Eg torer ikkje å nærme meg det. Det er laust og så har det regna litt. Det er jo stupbratt her, så det kan jo kome meir stein. Det vert nok inga opning her i dag, seier Fretheim.

– Dette er eit veldig viktig aktivitetsområde for reiselivet i området, så vi må gjere alt vi kan for å få vegen opna så raskt som mogleg. Eg er veldig glad for at geologen no har stadfesta at dette kan rettast opp veldig raskt, seier Distad.

Fortvilte gjester

Flåmsbana ved Vatnahalsen

SYKKELTURISTAR: Flåmsbana ved Vatnahalsen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Nokre av gjestene er veldig fortvila, for dei har jo reist langt for å oppleve Flåmsdalen. Rallarvegen er allereie litt amputert i år, så vi håpar verkeleg at den vakraste delen av turen som jo er Flåmsdalen skal halde seg open, seier dagleg leiar ved Vatnahalsen hotell, Jannet Aksnes.

Hotellet er eit av startpunkta for turen nedover dalen. Dei har rundt 80 gjester som skal sykle Rallarvegen på hotellet kvar dag. I tillegg kjem det syklistar frå Finse og frå Flåmsbana.

Ras i Flåmsdalen
Foto: Anders Fretheim