Hopp til innhold

Håpar på Skåla Opp-rekord

Det ligg an til deltakarrekord i begge motbakkeløpa Fanaråken Opp og Skåla Opp i år. I Skåla Opp er det i år eit konkurransefelt sterkt nok til at rekorden kan falla, seier løpsleiar Erik Brendefur.

Skåla Opp

(Arkivfoto) Skåla

Foto: Picasa 2.0 / NRK

– I år har me verdas beste herreløpar og Europas beste herreløpar, so feltet i år er verkeleg sterkt, seier Brendefur til NRK.

Går mot deltakarrekordar

Allereie i mars var dei 800 plassane i konkurranseklassen i Skåla Opp fulle, og i trimklassen har over 500 meldt seg på. Brendefur håpar på at det kan bikka 2000 deltakarar om vêret blir fint på konkurransedagen den 13. august.

– Hadde me klart det, so hadde det blitt ein ordentleg folkefest, seier løpsleiaren i Skåla Opp.

Óg i Fanaråken Opp ligg det godt an til å slå fjorårets deltakartal på 568.

– Kan bli rekord

Initiativtakar Erik Brendefur

Løpsleiar Erik Brendefur

Foto: Anne Rudsengen

Løyperekorden i herreklassa er på 1.08.30, ei tid Brendefur trur at det kan vera mogleg å slå om vêret er bra og forholda er goda.

– Stien har blitt utbetra frå i fjor, og med gode forhold og om feltet er so bra som det ser ut på papiret, so er ikkje det utenkjeleg med rekord, seier løpsleiaren.

Det er meldt om at David Schneider (Sveits) skal vera i toppform. Han får sterk konkurranse av løyperekordhaldar og seks gongar verdsmeistar Jonathan Wyatt (New Zealand) og Europameister dei siste fem åra Ahmet Arslan (Tyrkia).

– Blant dei norske er Øystein Sylta kanskje den sterkaste, men so er det jo Roger Aa Djupvik og Petter Andersen. Det blir spanande i år, seier Brendefur.

Jubileum

Fanaråken Opp

Målgang Fanaråken Opp 2010

Foto: Anne Jenny Dvergsdal

Skåla Opp blir i år arrangert for 10. gong, og i høve det er opp premiar på heile 100 000 kroner om det blir sett nye løyperekordar i herre- og dameklassa.

Trimklassen kan starta frå klokka 07.00 og utover, medan konkurranseklassen set av garde klokka 10.00.

Fanaråken Opp er inne i sitt niande år, og er det største motbakkeløpet i Nord-Europa som har målgang over 2000 meter over havet. Blant favorittane i herreklassa er fjorårsvinnar David Schneider (Sveits), Thomas Bereket (Eritrea) og John Sompol (Kenya).