NRK Meny
Normal

– Vi har sett oss eit hårete mål

Gamletrenar Harald Aabrekk får ingen walkover når han er tilbake på Stryn stadion.

Stryn møter Aalesund i første runde i NM i fotball.

STINN BRAKKE: Her kan det bli svært så fullt onsdag kveld. Stryn håpar på 1000 tilskodarar når Aalesund kjem på besøk i første runde i cupen.

– Det er ikkje kvar dag vi får eliteseriemotstand med den gamle strynetrenaren på stadion. Eg trur dette blir ein folkefest ei stor oppleving – uansett resultat, seier Torstein Tvinnereim.

Han er styreleiar i Stryn Fotball og merkar at det er stor interesse for cupkampen mot storebror Aalesund. Onsdag håpar klubben å samle 1000 tilskodarar når sunnmøringane kjem på besøk.

– Det er eit hårete mål. Men vi sette ny rekord med 550 tilskodarar på damesida i fjor, og no er det cupkamp med eliteseriemotstand. Då håpar vi på ein ny folkefest, seier han.

– På tide å skrive ny fotballhistorie

Det ligg an til ein skikkeleg godbit av ein fotballkamp på Stryn stadion onsdag. Nordfjordingane har ei stolt fotballhistorie, og har mellom anna slege ut eliteserielag som Molde og Sogndal ved tidlegare høve.

No drøymer stryningane om å overraske igjen.

– For ein liten fotballklubb er det å få besøk av eliteseriemotstand noko som skjer ganske sjeldan. Så det er lov å håpe at vi får oppleve det same på ny. Kanskje er det tid for å skrive ny fortballhistore, smiler Tvinnereim.

– Vi gler oss veldig. Dette er ei kjempeoppleving for spelarane, seier trenar Johann Sigurdsson.

Sigurdsson har hatt Aabrekk som trenar

Strynetrenaren har sjølv vore spelar for raudtrøyene. Han har vore med på store cupkampar, mellom anna mot Molde i 1997 – og sigeren mot Hødd i 1998.

Sigurdsson har dessutan hatt nettopp dagens Aalesund-trenar som læremeister i Stryn.

– Aabrekk starta på ein måte karrieren sin her i Stryn. Han var ein fargerik trenar som fekk gode resultat. Eg tippar han gler seg til å komme tilbake til stadion igjen, seier Tvinnereim.

Aalesund-trener Harald Aabrekk

TILBAKE: Harald Aabrekk var trenar for Stryn seint på 80-talet. Onsdag er han tilbake på gamle tomter.

Foto: Arne Flatin / NRK

Draumen er å avgjere kampen heilt på slutten

Blant Stryn sine spelarar er Frode Hool Egge den einaste som har spelt ein kamp i første runde i NM tidlegare. Trenar Sigurdsson rapporterer om eit spelesugent lag, som dessverre må klare seg utan krumtappen Erling Myklebust på grunn av skade.

Tvinnereim vedgår at han torer å håpe på siger til veslebror i oppgjeret.

– Eg drøymer om ein knipen siger til Stryn, der vi avgjer til vår fordel rett før slutt. Det hadde vore fantastisk å få oppleve det på Stryn stadion igjen. Men det som er viktig er at vi får til ein god kamp, der vi heng med – og så håpar eg at vi har hellet på vår side. Og at Oskeladden slår til igjen...

PS: NRK sender kampen direkte i nett-TV frå klokka 18:00 onsdag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.