Hopp til innhold

Håpar på ny trafikkrekord for Tindevegen

I over 40 år har Tindevegen i Sogn frakta folk inn til 2000-meterstoppane i Jotunheimen. I fjor sørga topptur-trenden for trafikkrekord. Med enorme mengder snø i fjellet, kan den fort stå for fall.

Turtagrø Hotel med Sognefjellsvegen og Tindevegen

SPEKTAKULÆR: Tindevegen opna for trafikk i 1972. I dag er det eit populært reisemål, både for turistar og skientusiastar. Her frå årets toppturfestival High Camp 2015.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Førre onsdag opna Tindevegen for sommartrafikk, den 32 kilometer lange fjellvegen mellom Turtagrø på Sognefjellet og Øvre Årdal, som for mange er snarvegen inn i Jotunheimen.

I fjor passerte 32.000 køyretøy bomstasjonen her, noko som var ny rekord. I år håpar dei på nok ein rekordsesong.

– Det avgjerande er vêret. Får vi ein flott sommar, så blir det ny rekord. Garantert, seier Einar Fortun, nestleiar i tindevegstyret og ein av dei som er med å halde vegen ved like.

Kjartan Kviven og Anders Fortun på Tindevegen

TRUR PÅ NY REKORD: Kjartan Kvien og Anders Fortun har i mange år jobba tett på den populære fjellovergangen. No trur dei på ein ny rekordsesong, om berre vêret spelar på lag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Krevjande å halde vegen open

Fortun trur det er fleire ting som er med på å skape populariteten.

– Det er mellom anna på grunn av den flotte naturen og den aukande interessa for oppover- og nedoverski. Til og med kronprinsen har vore her, så då må det vere topp, seier Fortun.

Frank Eldegard er både dagleg leiar og styreleiar for Tindevegen og dårleg skjult tilhengar av vegen han har ansvar for.

Tindevegen Turtagrø - Øvre Årdal

SNØRIKT: Brøytekantane er framleis opp mot sju meter på det høgaste.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Tindevegen er Norges finaste fjellovergang. Kanskje ikkje heilt objektivt, men vi får voldsomt gode tilbakemeldingar på dei opplevingane folk har når dei køyrer over her, seier han.

Han har vore med i mange år og kan ikkje hugse at det har vore så mykje snø i nokon gong.

– Eg trur ikkje vi har opplevd meir snø. Eg har vore med i ein ti års tid og dette er dei største snømengdene eg har vore med på, i alle fall i samband med opninga, seier han.

Håpar å halde vegen open

Brøytebilsjåfør André Mørkrid er ein av dei som er med på å halde vegen open på tampen av vinteren.

– No byrjar det å bli bra, men det er litt snø som har drive inn vegen her som vi må ha vekk, seier han.

Brøytesjåfør André Mørkrid på Tindevegen

BRØYTAR VEGEN: Tindevegen opna førre onsdag for sommartrafikk. Brøytesjåfør André Mørkrid håpar dei skal greie å halde vegen open framover.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Framleis er skavlane på brøytekantane opp mot sju meter på det høgaste. Nesten to veker tok det å frese fram vegen før den opna.

– Vil de klare å halde vegen utover no?

– Det får vi tru, men det er det vêret som avgjer. Når vêret ikkje vil, då er det ikkje hjelp i.

Tindevegen

SJÅ TV-SAK: Tindevegen har opna for sommaren. Følg brøytebilsjåførane i arbeidet med å halde vegen open.