Hopp til innhold

Håpar på ny gullalder med gamal oppskrift 

SOGNDAL (NRK): Sogndal Fotball har dei siste åra vorte kritisert for manglande satsing på lokale profilar og unge talent. No håpar klubben å finne litt tilbake til gamle røter.

Sogndal har fått kritikk for å ha få lokale profilar på laget. No vil klubben satse på unge talent frå eige fylke.

SATSAR: Sogndal Fotball satsar meir på lokale talent. Foto og redigering: Magnus Helle og Idunn Lavik

– Lokal talentsatsing har vore ein del av identiteten til Sogndal Fotball i lang tid og ein del av suksesskriteria bak det ein har bygd opp og fått til her. Me vil retta fokus mot å verte flinkare på dette igjen i åra som kjem, seier Terje Rognsø.

I 2014 var den dåverande Florø-trenaren ute og kritiserte Sogndal for å bevege seg vekk frå fylkesprofilen dei tidlegare har hatt. Sogndals nye daglege leiar held fast på kritikken, men kan også fortelje om ein klubb i endring.

– Me ønskjer å legge til rette for at yngre spelarar i Sogndal og elles i nærområdet får moglegheit til å prøve seg, seier Rognsø.

Sogndal Fotball sin nye daglege leiar Terje Rognsø, på kontoret

ENDRING I STRATEGI: Dagleg leiar Terje Rognsø ønsker å få fram fleire lokale profilar på laget

Foto: Magnus Helle / NRK

Sviktande publikumstal og svake signeringar

Trass i at Sogndal Fotball i fjor enda på 4.-plass i 1. divisjon og rauk for Aalesund i kvaliken til eliteserien, opplevde klubben mykje kritikk og dalande publikumstal i sesongen 2018.

– Mykje av kritikken frå supporterar har med spelarlogistikk og lokal identitet å gjere. Det er heilt klart at det dei siste to-tre åra har vore altfor mange spelarar henta utanfrå som ikkje har vore gode nok, seier tidlegare Sogndal-spelar og cupfinalehelt frå 1976, Jon Navarsete.

Sogndal si satsing på lokale spelarar, har vore eit omdiskutert tema blant supporterane. I fjor haust la Bergens Tidende ut ei statistikk som synte at klubben var dårlegast til å bruke lokale spelarar i dei to øvste divisjonane.

– Det er ein kjensgjerning at den lokale satsinga ikkje har vore god nok dei siste åra. Samstundes må det vere ein balansegang mellom satsing og sportsleg utteljing. Dette er ikkje nokon «quick fix», seier Rognsø.

Skandinavias beste juniorlag

På tampen av fjoråret fekk Sogndal Fotball ein skikkeleg opptur då juniorlaget vann både norgesmesterskapet, og skandinavisk cup. Trenar Eirik Bakke seier han er spent på korleis unggutane som er på veg opp og fram, tilpassar seg nivået.

– Desse gutane har jobba godt over tid, og dei er framleis på ein læringsveg. Det er eit stort sprang frå der dei er no til å komme utpå og spele fast med oss, men dei skal få moglegheita til å spela, og så er det også opp til dei til å gripe sjansane dei får.

CUPFINALE G19: ROSENBORG - SOGNDAL

VANN CUPGULL: Juniorlaget til Sogndal vann NM og vart Skandinaviske meistrar i fjor haust

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Blant dei yngre spelarane i A-stallen har allereie Per Magnus Steiring (21), Ulrik Fredriksen (19), Tomas Totland (19) og fjorårets toppscorar Sigurd Haugen (21), fått godt med speletid. I tillegg bankar hat-trick-helt frå fjorårets NM-finale Jerome Akor Adams (18), for alvor på døra. Bakke seier at dette viser at det er fullt mogleg å ta steget, også i Sogndal, så lenge spelarane jobbar hardt og ønskjer å vere i klubben.

– Me har ein ung gjeng å bygge vidare på her og forhåpentlegvis blir det ein stamme rundt fleire av desse med tida. Så får me passe på at dei får me seg nokre gamle karar som kan pushe dei litt, seier Bakke.

Håpar å ta steget på heimebane

Eivind Helgesen

LANDSLAGSAKTUELL SOGNDØL: Eivind Helgesen vart nyleg utteken på G18-landslaget

Foto: Magnus Helle / NRK

Frå fjorårets gull-lag fekk årdølen Sivert Mannsverk (16) og sogndøl Eivind Helgesen (18) nyleg signert proffkontrakt med klubben. Begge er U-landslagsspelarar og trenar Bakke er full av lovord om sogningane:

– Sivert er ein god sentral midtbanespelar og er best på sitt kull i landet. Eivind er ein moderne back med ein utruleg løpskapasitet, som vil mykje.

Sivert Mannsverk

AMBISIØS: G17-Landslagsspelar Sivert Mannsverk er ein av fleire lokale talent som kjempar om kontrakt

Foto: Idunn Helle / NRK

Bakke, som sjølv tok steget inn på A-laget i ung alder, vedgår at det er viktig å ha lokale profilar på laget, men at dei først og fremst må vere gode nok til å få sjansen.


– Sidan eg er sogndøl har eg sjølvsagt lyst å sjå det også, men det må vere på rett grunnlag. Ein kan ikkje gi ein sogndøl lettare tilgang enn ein annan spelar, då høyrer me ikkje til toppfotballen.