NRK Meny
Normal

Håpar på fortgang for E39 utanom Førde

Det har gått to og eit halvt år sidan det vart avgjort kvar E39 utanom Førde skal gå. Sidan den tid har lite eller ingenting skjedd i saka.

Ny E39 utanom Førde

SLIK SKAL DET BLI: I høgre biletkant kjem vegen ut av tunnelen under Hafstadfjellet, kryssar dagens E39 og elva Jølstra, så inn i ny tunnel frå Viegjerdet til Moskog.

Foto: Statens vegvesen

Forkjemparane for vegplanane har gjort det dei kan for å få dei inn i Nasjonal Transportplan (NTP), førebels utan hell. I slutten av februar kjem Statens vegvesen med eit nytt framlegg til NTP. Då håpar fylkesordførar og leiar i Stamvegutvalet E39, Jenny Følling (Sp), at det vankar pengar til vidare planlegging.

Jenny Følling på kontoret på fylkeshuset på Hermansverk

HÅPAR OG TRUR: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) kryssar fingrar for at tre strekningar på E39 i fylket får planleggingsmidlar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Halbrendslia og dei andre flaskehalsane som står att, og det at E39 går gjennom eit byggjefelt med 40-sone, det er ikkje europavegstandard. Det er heilt avgjerande å få gjort noko med desse flaskehalsane.

– Vi kjem til å kjempe frå fylket si side for at E39 både ved Vadheim, Sande-Myrmel og Langeland-Moskog skal vere inne i Nasjonal Transportplan når den blir vedteken i Stortinget.

Tunnelar med to løp

Det var sommaren 2013 at kommunedelplanen for E39 mellom Storehaug i Gaular og Moskog i Førde vart vedteken. Både Statens vegvesen og dei to kommunane gjekk inn for at vegen skal gå i tunnel frå Myra nord for Skilbreivatnet gjennom Hafstadfjellet til Brulandsberget, derifrå veg i dagen og bru over Jølstra til Viegjerdet og ny tunnel til Moskog.

Begge tunnelane er planlagde med eitt løp i kvar retning, med ti meter fjell mellom løpa. Ute i dagen samlar løpa seg, men blir skilde med midtrekkverk.

Olve Grotle

– FULLT TRYKK: Ordførar Olve Grotle (H) i Førde har trua.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Må vere tolmodige

Høgre-ordførar Olve Grotle i Førde har etter beste evne øvd påtrykk på partifellane i regjeringskontora og på Stortinget for å få E39 utanom Førde inn i Nasjonal Transportplan.

– Eg har fortløpande kontakt med det politiske miljøet, og vi kjem til å gjere det vi kan framover for å vise at det er nødvendig med ein ny E39 forbi Førde. Vi håpar og trur at vi kjem i ein så god posisjon som mogeleg når den nye NTP-en skal handsamast av Stortinget om eitt og eit halvt år.

Grotle vedgår at han godt kunne ha tenkt seg litt fortgang i saka.

– Vi har bede om planleggingsmidlar tidlegare, det har ikkje kome på plass. Det må vi få på plass før vi kan kome vidare. Det er vanskeleg å seie når spaden kan settast i jorda. Vi må nok vere tolmodige, men samstundes er det viktig at vi held fullt trykk.

Ny E39 utanom Førde

KRAFTIG NEDKORTA: I dag kan du rekne med å bruke opp mot ein halv time frå Moskog til Storehaug i Gaular. Med den planlagde vegen vil køyretida vere rundt ti minutt.

Foto: Statens vegvesen

Kostnad: Opp mot 5,5 milliardar

I dei planane som ligg føre er det snakk om ein tunnel i kvar køyreretning, og det heile kostar mellom fire og 5,5 milliardar kroner. Og før arbeidet kan kome i gang må det planleggast meir, og det er denne planlegginga det no er håp om å få pengar til. I slutten av februar kjem Statens vegvesen med sitt framlegg til Nasjonal Transportplan.

Men sjølv om strekninga kjem med der må trafikantane i mange år framover ta til takke med vegen gjennom Førde sentrum og opp Halbrendslia, seier Jenny Følling.

– Det skal planleggast og lagast reguleringsplan og vidare detaljplan, så det er eit godt stykke fram i tid. Det er utruleg viktig at Langeland-Førde-Moskog kjem inn i Nasjonal Transportplan, det same for Vadheim og Myrmel.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser