Hopp til innhold

Håpar på folkefest og opprykk

No håpar trenar Øystein Lindesteg Rinde på folkefest og masse folk på tribunen når damelaget Kaupanger inviterer til seriefinale på heimebane neste søndag. I dag synte sogningane seg fram og slo Haugar 2–1 på bortebane.

Damelaget til Kaupanger.

SOLID INNSATS: Damelaget til Kaupanger spelte ein nesten perfekt kamp mot Haugar, ifølgje trenaren. Dette biletet er frå bortekampen mot Avaldsnes 2 24. september.

Foto: Henta frå Facebook-sida til Kaupanger Damelag.

Det er ein svært letta og fornøgd trenar NRK får tak i på telefon i bilen på veg heim att til Sogn. Laget hans kjempar om opprykk til 1. divisjon og måtte vinne dagens kamp. Det sytte blant andre målscorarane Miriam Vilnes Mjåseth og Silje Torvanger for.

– Vi spelar ein veldig god kamp og dominerer store deler av kampen, og har ein del gode målsjansar. Dei får eit billig mål mot oss før pause, men vi spelar ein nesten perfekt kamp. Vi burde ha scora litt fleire mål, men vi er solide i alle fasar av spelet. Eg er veldig stolt av prestasjonen og innstillinga til laget, seier Øystein Lindesteg Rinde til NRK.

Øystein Lindesteg Rinde

TRENAREN: Øystein Lindesteg Rinde meiner Kaupanger er eit betre lag enn Fylllingsdalen som dei møter til seriefinale.

Foto: Haavard Nesbø

– Det var stor glede. Vi måtte vinne i dag, og då vi i tillegg spelar så bra som vi gjer og vinn, er det fantastisk. Stemninga var god etter kampen, oppsummerer trenaren kjenslene på laget.

Tre kjempar om førsteplassen

Seriefinalen neste søndag vert ein thrilleravslutning av dei sjeldne for Kaupanger-damene. For dei må også vinne sesongens siste kamp, heime mot Fyllingsdalen. Kaupanger er eitt av tre lag som kjempar om førsteplassen og retten til å spele om opprykk. Kaupanger leiar avdeling 4, men det skil berre eitt poeng til tabelltoar Fyllingsdalen og fem poeng til Bryne på tredjeplass. Men jærbuane har spelt ein kamp mindre.

Kjenner seg trygg på siger

Lindesteg Rinde har denne oppskrifta på korleis laget skal førebu seg til lagnadskampen

– Vi må berre jobbe på og halde fokus på å spele godt, og jobbe med det vi må vere gode på mot Fyllingsdalen. Eg er ganske sikker på at vi skal ta dei. Eg håpar det vert ein folkefest på Kaupanger stadion med masse publikum. Dette vert ein thrilleravslutning som det er ekstra kjekt å spele på heimebane, seier han.

Vil ikkje snakke om 1. divisjon

– Kor sikker er du på at de skal klare å vinne over Fyllingsdalen?

– Vi kan aldri vere heilt sikre, men eg håpar og trur vi skal klare det. Vi veit at vi er eit godt fotballag og vi slo Fyllingsdalen borte i vår.

– Men er Kaupanger gode nok for eventuelt 1.-divisjonsspel?

– Det kan vi diskutere i alle retningar. Men det er uvesentleg no. No må vi prøve å rykke opp, og så får vi ta neste år seinare. Det viktigaste no er å rykke opp, og så får vi ta det derifrå, seier trenaren.