NRK Meny
Normal

Håpar på eit klart svar

I Gloppen håpar ordførar Magni Aa Berge at innbyggarane gir ho og politikarane eit klart svar på kva dei meiner kommunen skal gjere i framtida.

Magni Aa Berge

STOLT AV ENGASJEMENTET: Magni Aa Berge (Sp) er ordførar i Gloppen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Dette er ein viktig dag for kommunen. Det er ikkje ofte vi har folkerøysting. Det er ei viktig sak, og folk er engasjerte, seier Aa Berge.

Engasjementet kjem tydleg fram dersom ein ser på førehandsrøystene. I Eid og Gloppen som begge har folkerøystingar i dag, har over 1700 gjeve si førehandsrøyst om til folkerøystinga om kommunesamanslåing.

– Det er klart at førehandsrøystene kan verte avgjerande, seier Aa Berge.

Både unge og gamle har førehandsrøysta, i tillegg til røystene som kjem frå institusjonane i kommunen. Måndag er det eit jamt sig av folk som kjem til røystelokala for å avgi si røyst.

– Folk er veldig engasjerte. Det er viktig for dei om det blir ja eller nei. Ikkje minst er det viktig å få eit resultat som vi kan bruke til noko. Eg håpar ikkje det blir heilt jamt, seier Aa Berge.

Fleire av krinsane i Gloppen stengde dørene klokka 18, men i kommunesenteret er det ope fram til klokka 20.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast