Hopp til innhold

Håpar på ein plass i superfinalen

Tre tiandeklassingar frå Førde skal få prøve seg mot kloke hovud frå heile landet når finalerundane i Klassequizen går av stabelen denne helga. Med litt flaks håpar dei å ta seg heilt til superfinalen.

Mathias Kastet Johnsen, Johanna Fransson og Tore Stensaker Tefre

KLARE TIL DYST: Desse tre ungdomane representerer Sogn og Fjordane under landsfinalen i Klassequizen. Frå venstre: Mathias Kastet Johnsen, Johanna Fransson og Tore Stensaker Tefre.

Foto: Heidi Seljesæter

I snart to månader har ungdomane frå Førde visst at dei skal få vise kva dei er gode for i landsfinalen av Klassequizen. I slutten av februar slo dei Farnes skule med tre poeng i fylkesfinalen i Sogn og Fjordane og denne helga går finalerundane i Oslo.

Mathias Kastet Johnsen, Tore Stensaker Tefre og Johanna Fransson skal der kjempe mot 18 andre lag frå dei andre fylka, og berre timar før det brakar laust er dei framleis ikkje spesielt nervøse.

– Vi tek det ganske roleg, fortel dei frå Oslo.

Øvde til og med på vegen ned

310 skuleklassar frå heile landet meldte seg på til Klassequizen, ein spørjekonkurranse for tiandeklassingar. Gjennom vinteren har laga konkurrert mot andre lag frå sine fylke, og no er det dei beste laga frå kvart fylke som skal prøve seg mot kvarandre.

Sogn og Fjordane er representert ved Førde ungdomsskule og dei tre på laget har fått øve seg i det siste. Seinast på turen ned til hovudstaden.

– Vi hadde ganske god tid når vi reiste nedover, så då sat vi med Quiz-bøkene til Mathias og stilte spørsmål til kvarandre, fortel Johanna.

– Korleis gjekk det?

– Det var ganske varierande, svarar ho lattermild.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

SJÅ FINALEN: Her kan du sjå heile fylkesfinalen i Klassequizen i Sogn og Fjordane. Til slutt var det laget frå Førde ungdomsskule som vann over Farnes ungdomsskule.

Vil ikkje ha om plantar og dyr

Dei tre håpar alle på spørsmål som dei er gode på, for som alle andre har dei kvar sine sterke sider.

– Mine sterke sider er musikk og kultur, men eg kan litt av kvart, seier Johanna.

– Vi kan eigentleg ligg om alt, men eg kan mest om geografi og sport, seier Tore.

– Eg har geografi og litt årstal som sterke sider, seier Mathias.

Men når ein snakkar om sterke sider, er det også nokre sider som er på den andre enden av skalaen, dei svake.

– Vi har hatt litt prøveopptak, og då fann vi ut av planter og dyr ikkje er vår sterke sider, fortel Johanna.

Satsar på litt flask og Superfinale

Finalelaget frå Sogn og Fjordane trur dei vil få tøff motstand får fleire, men har likevel håp om å nå langt.

– Det er sikkert veldig mange flinke der ute, men for å vinne treng ein også litt flaks.

– Så vi får sjå om vi har den flaksen på vår side, seier dei.

Laurdag blir finalen sendt på laurdag kveld på NRK1, og der håpar laget frå Førde ungdomsskule å vere blant dei tre beste. Dei laga er nemleg med i ein superfinale.

– Vi har veldig lyst å gjere det så bra som mogleg, seier dei tre.

– Om vi er heldige og har flaks med spørsmåla kanskje til superfinalen, men vi er nøgde uansett.

Glade vinnarar

GLADE: Så glade var laget frå Førde ungdomsskule etter at dei vann fylkesfinalen i Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK