Hopp til innhold

Andrea håpar på betre rettstryggleik etter #metoo

SOGNDAL (NRK): Andrea Voll Voldum meiner rettssystemet i Norge svikta ho. No håpar ho #metoo er ein vekkar som kan gjere rettsvernet betre for overgrepsutsette.

Andre Voll Voldum på Kafé Krydder i Sogndal

STØTTESPELAR: Voldum brukar sine eigne erfaringar til å hjelpe andre overgrepsutsette.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

– Eg hadde aldri gått ut i media om eg hadde vunne rettssaka.

For halvanna år sidan stod Andrea Voll Voldum fram med si overgrepshistorie og namngav dei tre personane ho skulda for gjengvaldtekt i Hemsedal. Etter fellande dom i tingretten vart dei frifunne i lagmannsretten. Voldum synest dette var grovt urettferdig. No etterlyser ho betre rettstryggleik for overgrepsutsette.

– Eg kjempar for andre fordi eg sjølv har følt på urett, seier ho.

Saman med June Holm starta ho stiftinga «Vi Tror Deg» for eit drygt år sidan. Deira viktigaste oppgåve er å støtte fornærma i retten. I fjor var dei med på fem rettssaker. Snart byrjar ei ny.

#metoo ein vekkar

Etter #metoo såg Voldum endå tydelegare kor mange som mangla vern. Sidan hausten i fjor har fleire teke kontakt med stiftinga, og ho trur kampanjen er grunnen. Lærdalskvinna meiner #metoo er viktig for at Norge går framover, men understrekar at mykje står att.

Andrea Voll Voldum held foredrag på Kafé Krydder i Sogndal

FOREDRAG: Voldum held foredrag som ein del av arbeidet i stiftinga. – Det er viktig å halde samtalen varm, seier ho.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

– Lovene er der, men vi brukar dei ikkje riktig, seier Voldum. Ho meiner eit av dei store problema har vore juryen.

– Det er ofte slik at vi vinn fram i tingretten, men i lagmannsretten blir dei skulda frifunne. Det verkar som juryen er inkompetent. Eg kryssar fingrane for at det blir eit betre rettssystem med dei ute.

NRK Sogn og Fjordane har vore i kontakt med forsvararane til dei tre mennene som vart frikjende. Dei vil ikkje kommentere innhaldet i denne artikkelen.

Lågterskeltilbod

Nestleiar i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik, meiner overgangen frå juryordning til meddomsrett har avgjerande tyding for at kvinner skal bli tatt på alvor og for at overgrep skal få konsekvensar.

– Ofte trudde ikkje juryen at dei som verka som snille og greie gutar kunne vere ansvarlege for seksuelle overgrep, seier Tajik.

Hadia Tajik

DEI LANGE LINJENE: Tajik meiner det er arbeid å gjere både i bedrifter, på den politiske arena, og med haldningane til folk.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Men behovet for vern sluttar ikkje der.

– Politikarane lyt sørge for at det finst gode måtar å jobbe mot seksuell trakassering, og at det finst lågterskeltilbod. I dag kan kvinner og menn berre gå til domstolen, og det kan vere ein høg terskel for enkelte, seier ho.

Haldningsarbeid

Tajik meiner langsiktig arbeid med haldningar er viktig.

– Vi må få inn god seksualundervisning frå barnsbein av slik at ungane våre lærer å respektere kvarandre sine grenser. Det er der det startar, seier stortingsrepresentanten.

Voldum sitt bidrag i haldningsarbeidet er å snakke om si oppleving og å halde fram med å støtte andre i rettsaker. Endå det tidvis er krevjande.

– Det er både godt og vondt. Eg kjenner meg mykje igjen i det folk fortel og det kan vere tungt, men det er godt å vere til støtte. Det er litt terapi i det òg, seier 23-åringen.