NRK Meny
Normal

Håpar på 2500 tilskodarar til seriestart

Måndag sparkar Sogndal i gang serien igjen mot Bærum på heimebane. Arrangørane har seld mange billettar allereie, men ser at det blir færre enn det kunne ha vore.

Saftkokaradn

VIL FYLLE TRIBUNANE: Aller helst ønskjer Sogndal Fotball å fylle tribunane, men måndag er dei nøgd om dei får 2500 tilskodarar under første kamp i serien mot Bærum.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det går bra med salet. Eg trur me hamnar rundt 2500 på kampen i morgon, seier arrangementsansvarleg i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad.

Måndag er det seriestart for Sogndal og dei andre laga i 1. divisjon, og Heggestad er nøgd om det blir 2500 tilskodarar under kampen mot Bærum, det same talet som i heimekampane mot Sarpsborg og Start i fjor.

– 2500 er veldig greitt, fordi det er slutten på påsken og folk er på reise, og i tillegg er vi ein liga ned frå i fjor. På den andre sida veit vi at det kjem litt ekstra folk på den første seriekampen, fordi folk har venta på dette, seier Heggestad.

Har seld 1750 sesongkort

Geir Inge Heggestad

NØGD MED 2500: Geir Inge Heggestad, arrangementsansvarleg i Sogndal Fotball.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Likevel nærmar dei seg like mange sal av sesongkort i år som i fjor.

– I fjor selde vi 1900 sesongkort. Til no i år har vi seld 1750 sesongkort. Det er veldig viktig å halde oppe sesongkortsalet. I tillegg er det sjølvsagt viktig å gjere oss interessante for enkeltbillettar når det nærmar seg kampar.

Og Heggestad fortel om ulike måtar å gjere nettopp dette.

– Vi har ulike tiltak gjennom sesongen for å trekke til seg oss folk. Til enkelte kampar skal vi invitere alle innbyggjarane i kommunen gratis til kamp, dersom bedrifter og kommunen er med å bidreg til utgifter. I tillegg har vi ein familiepakke, der kvar billett kostar 100 kroner på langsida om ein bestiller tre billettar eller meir, seier han.

Kvaliteten avgjer kor mange som kjem

Men det er også fleire ting som spelar inn i høve til kor mange som ønskjer å sjå kampane frå tribunen. Kvaliteten på kampane er ein viktig faktor.

– Det tel ein del, det seier seg sjølv. Vi håpar på å spele god fotball og score mykje mål. Det vil hjelpe på talet tilskodarar, seier Heggestad.

Også vêret er viktig for å selje billettar, og det ser så langt lovande ut.

– Vêrmeldinga ser bra ut for morgondagen, med lettskya ver og god temperatur. Vêret kan trekke opp talet folk som kjem.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote