Normal

Håpar nye aktørar skal berge arbeidsplassar

Floraordførar Ola Teigen håpar at nye aktørar på Flora Lufthamn skal kunne berge både kveldsruter og arbeidsplassar.

Florø lufthamn

MISTER ARBEIDSPLASSAR: 1. april forsvinn 10 årsverk ved Lufthamna i Florø

Foto: Birger Meland / NRK

– Det er ei kjent sak at Flora kommune jobbar med å få fleire aktørar til å fly på Florø. Det er framleis håpet vårt at vi skal få til lengre opningstider ved flyplassen. Så får vi sjå om vi lukkast med det i løpet av våren, seier ordførar Ola teigen til NRK.

Det er Firdaposten som tysdag kan fortelje at minst ti årsverk kan forsvinne når Widerøe kuttar i flygingane til og frå Florø lufthamn 1. april i år. Kutta råkar både Avinor, Securitas og Florø flyservice. Det er også uvisst kva følgjer det får når britiske Bristow tek over helikopterflygingane til Nordsjøen i 2017.

Har vore kjent

– Vi har visst ei stund at Widerøe kom til kutte ruter frå 1. april. Det er ille for dei som mister jobben, men det er også ei anna side, kveldsrutene til og frå Florø ser ut til å forsvinne 1. april dersom det blir det opplegget som Widerøe har skissert.

Utan kveldsrutene betyr det at dei daglege opningstidene ved flyplassen blir redusert med fire timar kvar dag.

Ola Teigen

HÅPAR Å BERGE ARBEIDSPLASSAR: Ola Teigen (Ap) er ordføar i Flora.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er klart at når flygingane uteblir så kan ein ikkje ha open flyplass. Dersom ein skal reversere oppseiingane så må ein få til kveldsruter, seier Teigen.

Kommunen er i samtalar med ein aktør som dei håpar skal starte flygingar på Florø, og som dei også håpar vil legge opp til kveldsruter.

– Får vi på plass igjen kveldsrutene så vil det ha betydning for opningstidene. Slik sett så reknar eg med at det skal bli mindre dramatisk enn det ser ut til no, seier Teigen.

Tvilar på kveldsruter

På Florø Lufhamn er flyplassjef Siv Merete Stadheim langt frå optimistisk med tanke på at ein ny kommersiell aktør vil satse på kveldsruter.

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim

MÅT KUTTE: Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Kommersielle aktørar vil fly på dei tidene av døgeret der det er mest passasjerar og mest pengar å tene. På Florø så er det på dagtid og litt ut over ettermiddagen. Når ein då ikkje lenger er ein del av det offentlege kjøpet så er det ikkje økonomi i det for flyselselskapa å satse på dei seinaste avgangane til og frå Florø.

– Så du har eigentleg ikkje stor tru på at ein skal klare å halde oppe kveldsrutene?

– Når ein skal leve i ei kommersiell verd så må det vere grunnlag for at det er økonomisk berekraftig å ha dei siste kveldsrutene, men det er dei rutene som det har vore lågaste belegg på. Eg vil vel tru at ein ny aktør heller vil konkurrere om passasjerane på dagtid, for det er der det ligg eit foretningsgrunnlag slik eg ser det. Det ville vore kjekt om det kom inn ein aktør som tok kveldsrutene, men eg ville nok ha satsa pengane mine på dagrutene, for å seie det slik seier Stadheim.

Vegopning på Bergum i Førde kommune