NRK Meny

Håpar fleire blir optimistiske

Det er veldig positivt at Florø lufthamn er blitt populær hos fleire flyselskap, det seier Frp-politikar i kystbyen, Frank Willy Djuvik til Firdaposten. Djuvik har heile tida meint at kommersialiseringa av flytilbodet vil kome brukarane til gode. Sterke krefter i Florø har jobba for å få fleire flyselskap enn Widerøe på bana, og no skal ytterlegare to aktørar vere interesserte i å flyge til og frå flyplassen. Djuvik meiner Florø med dette kan ende opp med det beste tilbodet på kortbanenettet, både med tanke på frekvens og pris.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.