NRK Meny
Normal

Håpar fleire barn blir plasserte i slekta

– Det er uheldig at det er så store sprik mellom kommunane når det gjeld kor mange barn som blir plasserte i fosterheimar og institusjonar, seier Sandrina Sandell, styreleiar i Landsforeningen for barnevernsbarn.

Sandrina Sandell

– TØNSBERG EIT GODT DØME: Styreleiar Sandrina Sandell i Landsforeningen for barnevernsbarn.

Foto: Øystein Dypedal / Pressefoto

Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at i Steinkjer og Askim må over halvparten av barna som er involverte i barnevernet over i fosterheim eller på institusjon.

I andre kommunar skjer dette med berre 17 prosent.

– Dette er eit symptom på korleis barnevernet i Norge er i dag. Det er store skilnader, og eg trur det går ut over tenestene dei leverer. Du kan vere ein stad der du får god hjelp, og så flyttar du og møter ein heilt annan praksis. Dette er det viktig at vi gjer noko med, for det går ut over barn og ungdom, seier Sandrina Sandell.

– Sjå på Tønsberg

Ho viser til kommunar der barnevernet i større grad enn elles prøver å finne ei løysing der familiemedlemmer kan overta ansvaret for barn i saker der foreldra ikkje er i stand til det.

– Tønsberg har god suksess med å sjå på familie og nettverk rundt familien. Sjølv om foreldra ikkje har god nok omsorg for ungane sine, så betyr det ikkje at tanter, onklar og besteforeldre er på lik linje.

– For barnet er det viktig å ha tilknyting til familien sin. Kan dei få ein god heim der, så er det det beste. Men det er ikkje i alle tilfelle dette går. Difor er det viktig å prate med barna eller ungdommane det gjeld.

– Så du skulle ynskje at fleire kommunar der barnevernet tenkjer som i Tønsberg?

– Det skulle eg ynskje. Og det er fleire og fleire som tenkjer. I fosterheimsmeldinga som nett vart lagt fram blir det sagt at ein skal jobbe mykje i familie og nettverk slik at barna har tilknyting til sin biologiske familie.

– Det handlar om tryggleik

I ein del tilfelle går barnet frå fosterheim til fosterheim, med andre ord i ei rotlaus barne- og ungdomstid.

Sandell meiner mange barn vil kjenne seg tryggare hos slektningar.

– Det handlar om å kome til nokon som veit litt om din situasjon, som kanskje har kjent deg frå du var liten. Dersom ein ikkje finn slike ressursar i familien er det viktig at ein brukar mykje tid på å finne fosterheimar som passar til kvart einskilt barn.

Sandell er oppteken av å få fram at alt ikkje berre er skakt og skeivt i det norske barnevernet.

– I debatten som pågår tek ein ytterkantane. Mange får god hjelp og er glade for at barnevernet finst. Og så er det saker der det har skjedd direkte overgrep, og så er det folk med både- og-erfaringar.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast