NRK Meny
Normal

Håpar fjordvarme kan lage miljøvenleg asfalt

Varme frå fjordane kan gi industrien rein og rimeleg energi. No kan Fjordvarmen i Førde bli til asfalt.

Vil bruke fjordvarme til asfaltproduksjon

OPTIMISTISKE: asfaltproduksjonsanlegget i Førde går på propangass, men kanskje kan fjordvarme vere ei meir klimavenleg løysing. Even Solheim, distriktsleiar i Veidekke (t.v.) og Leif Olstad i Førdefjorden energi.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi har ein unik moglegheit med fjordvarme nær Veidekke sin asfaltfabrikk, så må vi få til økonomien og teknologien, seier dagleg leiar Leif Olstad i Førdefjorden energi.

Fjernvarmeanlegget som skal varme opp Førde sentrum ligg like ved ein asfaltfabrikk. No har Førdefjorden energi, Veidekke og SINTEF saman fått 450 000 frå Forskingsrådet. Håpet er å bruke fjordvarme framfor gass når asfalt skal produserast. Dermed kan utsleppa av propangass som blir brukt i dag erstattast.

Even Solheim er distriktsleiar i Veidekke, som nasjonalt har 30 asfaltfabrikkar:

– Vi fyrer med LPG (propan) og vi brukar ganske store mengder av det. Får vil til ein annan teknisk løysing vil vi redusere miljøpåvirkninga.

Varme til bygg om vinteren – asfalt om sommaren

Førde sentrum sett frå lufta

FØRDE: Fjordvarmeanlegget skal varme opp bygg frå Førdefjorden mot sjukehuset. Frå før fins tilsvarande anlegg på Nordfjordeid.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Noko av det smarte er at medan fjordvarmeanlegget produserer for fullt om vinteren når folk skal varme opp bygga sine, held asfaltproduksjonen på stort sett mellom påske og desember. Det gjer at fjordvarmen i Førde får endå eit bein å stå på gjennom året.

– Når vi har lågare trong for å levere til kundane i årstider med mildare ver, så slår asfaltproduksjonen inn. Det blir motsett om vinteren når trongen for oppvarming aukar, seier Olstad.

Kan få store ringverknader

Utfordringa er at fjordvarmeanlegget i Førde produserer varmevatn som held 80 grader. Men asfaltverket treng 150 grader. Så ein treng både ein teknologi som koplar anlegget til asfaltverket, og ei kraftig nok varmepumpe.

Jobben skal gjerast saman med SINTEF, forskar Sverre Foslie trur at om ein lukkast kan det få store ringverknader:

– Det vil fleire stadar vere fjernvarmeanlegg som ligg nær industri, kanskje kan fjernvarme nyttast i industrien i større grad enn i dag.

Alt i 2018 får ein dei fyrste svara på om ein kjem seg vidare, men SINTEF har trua.

– Det er veldig spennande, vi trur at det er mogleg å finne løysingar på dette.

Vegopning på Bergum i Førde kommune