Hopp til innhold

Håpar cupfinalen skal føre til ny stordomstid

Interessa for volleyball i Sunnfjord har dei siste åra vore laber samanlikna med tidlegare år. Men no er den på veg tilbake for fullt.

Førde VBK klare for NM-finale i volleyball

STOR INTERESSE: Di nærare Førde volleyballklubb har kome cupfinalen, di meir publikum har teke turen for å sjå kampane. No håpar klubben at interessa held fram også etter finalen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Førde Volleyballklubb opplever enorm pågang frå folk som vil bli med til Oslo for å sjå cupfinalen.

Til helga set minst tre busslass kurs mot hovudstaden der Førde sitt herrelag møter Trondheimslaget NTNUI i finalen.

– Det ser ut til at vi blir i alle fall mellom 150 og 200 som reiser frå Førde og over til Oslo. Eg trur vi skal klare å gi lyd frå oss der, seier dagleg leiar i Førde volleyballklubb, Tor Kristian Kvammen.

Frå laber interesse til enorm pågang

Etter generasjonsskifte, dårleg sportslege resultat og laber interesse, opplever eliteserielaget igjen stor publikumsinteresse.

– Den har vore veldig bra. No er vi litt tilbake til korleis det var då vi var på dei første cupfinalane i 2007 og 2008. Då var det veldig mykje folk. Vi merkar at interessa har teke seg opp igjen. Ein cupfinale er noko folk har lyst å få med seg, seier Kvammen.

Og han håpar at interessa vil halde fram etter cupfinalen også. Kanskje kan det bli ei ny stordomstid for volleyballen i Førde.

– Det er det vi håpar på og det er det vi har jobba mot. Det herrelaget vi har i år er utruleg spennande, med unge, atletiske spelarar som kan nå langt. Så eg trur vi er på rett veg igjen. Forhåpentlegvis er det berre starten, seier Kvammen.

– Perfekt å ha publikum med seg

Geir Eithun er blant spelarane som skal til Oslo for å hevde seg mot NTNUI i finalen laurdag. Han er svært glad for den store publikumsinteressa.

– Ja, det betyr utruleg masse. Og eg veit mange synest det er kjekt når Førde kjem til cupfinalen. Det er perfekt å vere på det laget som har publikum med seg, seier Eithun.

Og ein del lyd frå eigne supporterar kan Førde-spelarane vente seg. For det blir ei god blanding av familie og andre volleyballinteresserte som tek turen, ifølgje dagleg leiar Tor Kristian Kvammen.

– Det er litt forskjellig. Det er sjølvsagt mykje foreldre, slekt og vener. I tillegg får vi med oss ein delegasjon frå Sunnfjord folkehøgskule og dei veit vi lagar mykje lyd. Det er mykje volleyballinteresserte, også ein del av dei gamle heltane, seier han.