Hopp til innhold

Håpar Azar forlengar med Sogndal

Sogndal håpar Karadas blir verande i Sogndal også utover denne sesongen.

Azar Karadas

BLIR HAN I SOGNDAL? Azar Karadas.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Azar har hatt mykje å seie for resultata den siste tida, han er i godt, gamalt slag, han bidreg både på og utanfor bana, det er kjekt å sjå han for tida. Difor er det naturleg at vi framover har dialog med han om vegen vidare, seier sportsleg koordinator Håvard Flo til NRK.no.

Kraftpluggen frå Nordfjordeid har vore sterkt medverkande til den gode poengfangsten i mai, og det er blitt lagt merke til. Ifylgje Sogn Avis er både Brann og Lillestrøm interesserte i han, det same skal to tyrkiske klubbar vere.

– Trur Azar har det fint her

Men i avisintervjuet seier Karadas sjølv at han trivst så godt i Sogndal at det og er aktuelt for han å forlenge kontrakten med Sogndal. I utgangspunktet gjeld kontrakten ut sesongen. Det betyr at han då kan gå til andre klubbar utan at Sogndal får noko for han.

Men Håvard Flo trur den suksessen Karadas har opplevd den siste tida gjer at Fosshaugane Campus kan vere eit minst like aktuelt alternativ som Brann stadion og Åråsen.

– Eg trur Azar har det fint hos oss no, han har fått ei fin rolle i laget, og eg trur det triggar han litt å kunne sjå på ein ny avtale som går utover dette året.

Håvard Flo

HÅPAR AZAR BLIR: Sportsleg koordinator Håvard Flo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Skal mykje til

– Finst det nokon klausul i kontrakten hans som gjer at han kan gå før sesongen er slutt dersom det kjem eit godt tilbod?

– Nei, det ligg ikkje nokon klausul i så måte, men skulle det kome noko som er av interesse både for han og for Sogndal Fotball, så kan det sjølvsagt vere aktuelt, men slik det er no skal det mykje til.

Flo vil ikkje spekulere i kor mykje dei vil forlange dersom det skulle bli aktuelt å selje han før sesongslutt.

Utan Karadas i neste seriekamp

Kor viktig Karadas er for Sogndal får vi ein prøvestein på i den neste seriekampen, mot Sandnes Ulf borte den 23. juni. For mot Start i går fekk han eit gult kort som gjer at han må sone karantene.

– Vi har mange spelarar som står fram for tida, så når Azar er ute må ein ny mann gripe sjansen, men vi får sjølvsagt ein peikepinn. Azar har vore veldig dominerande den siste tida, så vi kjem til å sakne han, seier sportsleg koordinator Håvard Flo.

Derimot kan Karadas spele cupkampen mot Ull/Kisa onsdag denne veka.