Hopp til innhold

Håpar at vegen vert opna torsdag

Innbyggarane i Fresvik i Vik håpar at bilvegen til bygda vert opna torsdag. Dei kring 200 innbyggarane har vore utan vegsamband etter at eit stort ras søndag stengde vegen til bygda.

Skred mellom Feios og Fresvik i Vik

STENGD: Eit stort skred stenger vegen mellom Fresvik og Vik.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

SISTE: Statens vegvesen melder vegen mellom Feios og Fresvik opnar kl. 16.

I fleire dagar var dei også utan straum i bygda, og då måtte all handel gjerast på gamlemåten med penn og papir, men nyttårsaftan kom straumen attende. Det vil seie straumen kom og gjekk fleire gonger.

– Eg har heldigvis vedomn på kjøkenet og rikeleg med ved. Så nyttårsmiddagen vart berga, seier, Olaug Lindborg Hov som driv butikken i bygda.

For straumen kom ikkje skikkeleg attende før dei hadde sett seg til bords om kvelden.

– Men då smakte maten ekstra godt, seier Hov.

Olaug Lindborg Hov

MED PENN OG PAPIR: Utan straum måtte Olaug Lindborg Hov la sambygdingane handle på krita.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Minkar på varene

Butikken, som ho driv, har hatt ope for å hjelpe straumlause sambygdingar med batteri og mat, og anna som dei treng. Men utan tilførsel av nye varer byrjar det å minke i hyllene.

– No ynskjer vi at vegen skal opne, slik at vi kan få inn mjølk og ferske brød og andre varer som vi treng, seier Hov.

Når det kan skje får ho første svar på torsdag klokka 16. Då skal det gjerast ei ny vurdering av når vegen kan opnast igjen, skriv kommune på sine nettsider.

– Veksla mellom håp og frykt

I Fresvik er det fleire som kryssar fingrane og håpar at ein får opna vegen torsdag. Gyda Bøtun er direktør i den lokale bedrifta Fresvik Produkt. Ho tykker det har vore ein vanskeleg situasjon for innbyggarane i bygda

Gyda Bøtun

HÅPAR PÅ VEGOPNING: Gyda Bøtun er direktør for Fresvik Produkt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det har veksla mellom håp og frykt desse dagane. Vi er svært glade for at vi no har fått igjen straumen. No ventar vi berre på at også vegen skal verte opna igjen, seier Gyda Bøtun.

For det er mange som gjerne skulle hatt bilen med heim frå julebesøket i Fresvik.

– Sjølv tenker eg på Fresvik Produkt der eg jobbar. Vi er avhengige av å få opna vegen slik at trailerar kan køyre til og frå, seier ho.