Hopp til innhold

Håpar at kopp skal motverka einsemd

SANDANE (NRK): Kaféen Lauget har byrja med ein heilt spesiell kopp. No er dei spente på om kundane tek «Skravlekopp» i bruk.

Charlotte Eikeset Birkedal

SPENT KAFÉEIGAR: Charlotte Eikeset Birkedal eig kaféen «Lauget» saman med syster si, Mariel Eikeset Koren.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

– Me håpar at skravlekoppen kan bidra til at folk blir meir opne i møte med andre, seier eigar Charlotte Eikeset Birkedal.

Frå måndag av stod det nokre nye, grøne koppar med kvit skrift blant dei vanlege kaffikoppane i kaféen hennar. Kundane kan no velge mellom ein vanleg kopp, eller den nye. Desse blir kalla «Skravlekopp». Skravlekopp er ei lita folkerørsle mot einsemd og eit grønt signal om at du kan, eller vil prata med nokon. Kaféen er den fyrste i landet som på eige initiativ har tinga koppane og teke dei i bruk.

– Det er veldig kjekt å gi folk moglegheita til å bryta isen og koma i gong med ein prat, seier Birkedal.

Venke Knutson

SKRAVLEKOPP: Venke Knutson er på kafé og nyttar seg av skravlekopp.

Foto: Apeland

Overveldande respons

Popartist og entreprenør Venke Knutson står bak idéen om skravlekopp. Konseptet skulle hovudsakleg vera ein bevisstgjeringskampanje for å bli meir merksam på at folk rundt deg kanskje treng å prata med nokon. Ho forklarer at responsen på dette har vore heilt overveldande.

– Det er så mange som har kjøpt koppar og meld seg på, både kommunar, høgskular, universitet, kaféar og ikkje minst hovudbrukarane av skravlekopp, nemleg folket. Det har meldt seg veldig mange skravlevener som har sagt at dei skal ta den fyrste koppen og visa at dette er ein bra kopp.

– Ein av fem er einsame. Det er eit behov for skravlekopp, meiner ho.

Treng påskot for å ta kontakt

Knutson meiner det er eit behov for ein skravlekopp. Ho seier det er mange som vil prata, men ikkje veit korleis.

– Me er ikkje så tøffe her i Noreg at me snakkar saman sjølv om me sit åleine på kafé. Eg tenkjer at me berre treng eit påskot, og det kan vera den grøne koppen, fortel Venke Knutson.

Knutson er tydeleg på at me må tora å sitja åleine med koppen, utan at nokon kjem.

– Det er ikkje farleg. Då har du i alle fall vist at du gjerne vil ha eit varmare samfunn med meir samtale og mindre skjerm. Om ikkje det er for deg, så er det kanskje nokon andre som treng det.

Sol Ulvestad

PRØVER SKRAVLEKOPP: Sol Ulvestad er spent på å sjå om får seg ein ny kaffiven.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Håpar folk blir meir opne

På kaféen Lauget prøver Sol Ulvestad for fyrste gong skravlekoppen på kaféen. Ho er ofte her og drikk kaffi når ho har tid. Ulvestad synest det er spanande å sjå om ho ved hjelp av koppen kan bli kjend med nye folk i framtida.

– Eg går her ofte og drikk kaffi åleine, så det hadde jo vore kjekt å ha ein å prata med.

Føreløpig har ikkje så mange prøvd den grøne koppen på Lauget, men det har likevel vore nokre få. Kaféeigar Birkedal håpar at folk tør å vera opne og prata med folk dei ikkje kjenner så godt frå før.

– Det er spanande, fordi det er jo ikkje garantert at nokon kjem og set seg ned med deg når du har fått ein skravlekopp. Det er likevel meir tydeleg for folk at det er greitt å setja seg ned å prata med deg, seier Birkedal.

Lauget kafé tek i bruk skravlekopp for å motverke einsemd

VIL MOTVERKA EINSEMD: Lauget kafé på Sandane tek i bruk skravlekopp.