Håpar å sleppe å bruke robåten på tunet fleire gonger

LUSTER (NRK): Det er gått eitt år sidan huset deira stod ute i elva og dei måtte bergast over tunet med robåt.

Aud og Jakob Øygard.

TILBAKE TIL NORMALEN: På eittårsdagen etter flaumen er det råd å gå tørrskodd på tunet til Aud og Jakob Øygard. No er tunet sikra med ein jordvoll mot elva.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Det var ganske dramatisk. Vi var ikkje direkte redde for huset, men kjellaren stod full av vatn, fortel Aud Øygard i Fortunsdalen i Luster.

Saman med mannen, Jakob Øygard, og eit trettitals andre lustringar var ho evakuert då elvane i Fortunsdalen, Mørkridsdalen og Skjolden gjekk over sine breidder natt til søndag 14. oktober i fjor.

Familie berga ut frå flaumen

BERGA: Her vert Aud og Jakob Øygard berga frå huset sitt under flaumen i fjor.

Foto: Jan Idar Øygard

Kraftig regnvêr i løpet av kort tid førde til ein av dei verste flaumane i nyare tid i Luster kommune. Mange bønder fekk øydelagt store område med dyrka mark og beiteland.

I tillegg var det gjort skader på hus, driftsbygningar og vegane i området. Blant anna tok flaumen ein geitefjøs der bygdefolket så vidt klarte å berge dyra.

Bærbusker erstatta med jordvoll

Tilbake på tunet til Aud og Jakob Øygard. Det er på dagen nøyaktig eitt år sidan tunet deira såg ut som ein stort symjebasseng, for å bruke deira eigne ord.

– Tunet var eit einaste stort elvefar. Det var nesten ikkje råd å gå her, fortel Aud om slik det såg ut rett etter flaumen.

Ho er glad det trass alt gjekk bra.

– No er ein hekk med bærbusker erstatta med ein jordvoll som skal hindre at elva kjem inn igjen på tunet, forklarar i Øygard.

Johannes Hauge

RYDDAR: Johannes Hauge seier det er frustrerande å måtte vente på takseringa av skadane etter flaumen.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Har styrka samhaldet

På eittårsdagen etter flaumen har Johannes Hauge framleis nok å gjere med å rydde etter skadane. Sjølv er han i ferd med å køyre ut stein som skal brukast til polstring av elvebreidda for å hindre at nye flaumar skal grave ut meir.

Hauge fortel at flaumen har styrka samhaldet i bygda.

– Alle grunneigarane har eit felles mål å jobbe mot, forklarar han.

– Takstane den store snakkisen

Men Hauge legg ikkje skjul på kva som har vore den store snakkisen det siste året. Taksten. Får grunneigarane nok erstatning frå staten til at dei får dekka kostnadane med å utbetre skadane?

– Det har vore litt spenning rundt takstane. Det varierer kor mykje folk har fått i erstatning, seier Hauge.

For sin eigen del hadde han håpa at han hadde vore kome lenger i oppryddingsarbeidet.

– Det er ingen katastrofe så sant vi ikkje får ein ny flaum i haust. Men det er frustrasjonen rundt det å gå å tenkje på kva du får i erstatning som har vore vanskeleg, fortel han.

Vatn i vegen inn til Mørkridsdalen etter flaumen i Luster

STORE SKADER: Flaumen gjorde stor skade både på dyrka mark, beiteland og vegane i dalane i Luster.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Frustrert ordførar

Hauge har full forståing hos ordførar Ivar Kvalen (Sp). Sjølv har han og kommuneadministrasjonen forsøkt å hjelpe til med å koordinere oppryddinga og erstatningssakene. Og han legg ikkje skjul på at det har vore frustrerande å oppleve møtet med fleire av dei statlege etatane.

– Tilbakemeldingar frå mange grunneigarar går på at dei har følt denne prosessen, spesielt med naturskadeordninga og landbruksdirektoratet, som tung, kronglete og vanskeleg. Det har teke veldig lang tid.

Kvalen har tidlegare også vore kritisk til at ikkje alle grunneigarane har fått dekka utgiftene full ut til å setje i stand att marka. I fleire tilfelle er det avvik mellom taksten og dei faktiske utgiftene.

– Eg trur at dei fleste forstår at det tek tid å få retta opp i ein del av dei skadane som flaumen laga. Men eg trur mange kjenner på at det kunne vore gitt klarare og betre svar på eit tidlegare tidspunkt.

Flom i Fortunsdalen frå Helikopter

FLAUM: Slik såg det ut rundt huset til Aud og Jakob Øygard då flaumen herja i oktober i fjor.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Rosar innbyggjarane

Men opp i alt det enorme oppryddingsarbeidet etter flaumen kjem det godord frå ordføraren til dei flaumråka.

– Eg tykkjer innbyggjarane i Fortun, Mørkridsdalen og Skjolden har vore fantastisk flinke til å støtte kvarandre i ein krevjande periode. Det er ingen tvil om at det har vore eit tøft år for mange av dei som driv jordbruk i desse dalføra, seier Kvalen.

Ordførar Ivar Kvalen i Luster.

FRUSTRERT: Ordførar Ivar Kvalen (Sp) i Luster meir grunneigarane ikkje har fått god nok hjelp frå byråkratiet i staten.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK