Hopp til innhold

Metalfestival håpar på 100.000 kroner som årets kulturidé

Ideen dukka opp heime på hybelen. I år håpar ungdomane bak Sunnfjord Metalevening å toppe sitt andre leveår som «Årets Kulturidé».

Emil Rasmussen

METAL: Emil Rasmussen drog det meste av lasset åleine då Sunnfjord Metalevening vart arrangert for første gong i fjor. I har han fått med seg Tommy Sandnes Kvammen og Benjamin Instebø Vang.

Foto: Birger Meland / NRK

Seks band og kring 100 besøkjande var i fjor innom dørene til metallfestivalen i Førde. Det er gjerne ein sær musikksmak som mange knyter fordommar til.

Dette er ein av grunnane Emil Rasmussen la til grunn då han i fjor stabla festivalen på beina.

– Vi ynskjer at folk skal få forståing for sjangeren. Her i Sunnfjord er det så lite av metal, at folk veit ikkje kva det er, seier Rasmussen.

– Burde stått på sokkel

Det er det tyngste av det tunge innan rockemusikken det handlar om. Musikken står fram som dyster, med drivande og tunge rytmar. Ein musikksjanger som mange hevdar ufortent blir knytt opp mot kristendom, satanisme og kyrkjebrenning.

Men vel vitande om at sjangeren er så mykje anna, er juryen i Årets kulturidé sjeldan positive til festivalen som er ein av ti i finaleheatet.

– Dei skulle stått på sokkel i Førde. Det er så flott når ungdom arrangerer for ungdom. At dei i utgangspunktet tek ein uglesett sjanger, bles på med dei små midlane dei har og lagar ein festival som får veldig entusiasme, seier juryleiar Pål Fidjestøl.

Vekk frå det negative

Fidjestøl meiner det er ein siger i seg sjølv med 100 besøkjande i sitt første leveår.

– Det er ein smal sjanger, men dei finn akkurat den musikalske profilen dei skal ha og eldsjelene dei treng, så avmystifiserer dei sjangeren gjennom arrangementet. Klarer å dreie vekk frå dei negative tinga, til å handle om det som det skal – musikk, kunst og kulturuttrykk, held juryleiaren fram.

– Viktig å vere bevisst

Hilde Bjørkum

FEKK PES: Hilde Bjørkum.

Også Kristin Sandal, som er engasjert i Norsk Country Treff, og Hilde Bjørkum, som er nestor for Førdefestivalen, let seg engasjere og imponere av pågangsmotet til ungdomane Rasmussen, Tommy Sandnes Kvammen og Benjamin Instebø Vang.

At trioen er sjangerbestemt fell spesielt godt i smak.

– Det er viktig å vere bevisst på kva ein vil presentere. Då vi starta folkemusikkfestivalen for 20 år sidan fekk vi pes for å vere for smale i sjangeren. Eg vil berre ynskje dei lukke til. Hald fast på grunnideen, og ikkje skjel til noko side. Driv med det de kan og er interesserte i, er oppmodinga frå Bjørkum.

Blir utfordra

Kristin Sandal

POSITIV: Kristin Sandal.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Det tek lengre tid å byggje opp, men ein får så mykje att ved å vere tru til sjangeren ein starta opp med. Det er bra at dei vågar å satse, held Sandal fram.

Jurymedlem Edvin Helgheim er spent på utviklingspotensialet til festivalen, og utfordrar trekløveret på korleis dei skal nå ut til fleire.

– Kanskje er det mogeleg å finne samarbeidspartnarar for å ta neste steg, undrar han.

Kun metal

Dei positive tilbakemeldingane overraskar Rasmussen. Spørsmåla er han derimot ikkje overraska over.

Han er klar på at dei på ingen måte har tenkt å «skjegle til sidan», slik Bjørkum åtvarar dei mot.

– No er det metal som fengjer interessa vår, og det er det vi vil formidle. Andre startar gjerne i eit konsept og involverer etter kvart andre sjangrar på grunn av økonomiske omsyn. Der er ikkje vi, seier Rasmussen i klar tale.

Drøymer om svenskar

For Sunnfjord Metalevening ynskjer dei å utvikle vidare. Dei har no ein lokal profil, men håpar på sikt å kunne tiltrekkje seg større band og profilar. Og musikkelskarar i alle aldrar ynskjer dei velkomne til festivallokala.

– No satsar vi på lokale band, men eg har eit stort ynskje om å trekkje større band. Som til dømes svenske Feared, gliser han. Og då kan premien på 100.000 kroner for Årets kulturidé vere ei god og stødig hjelpande hand.

– Vi ser føre oss å bruke pengane på å framstille festivalen på meir profesjonelt vis, avsluttar Rasmussen.