NRK Meny
Normal

Håpar å opne vegen i dag

– Det som skjer no er at ein skal spyle ned desse lausmassane frå helikopter. Det er ikkje spesielt omfattande arbeid, så eg trur det vil gå relativt raskt, seier ordførar Noralv Distad.

Distad på synfaring til raset

IKKJE SÅ OMFATTANDE ARBEID: Noralv Distad var på synfaring med geolog søndag.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Natt til søndag gjekk eit stort steinras som sperra vegen i Flåmsdalen, 13 km frå sentrum. Store steinblokker losna frå fjellsida ovanfor vegen og har teke med seg jord, stein og vegetasjon.

– Når det er spylt ned og det har fått sett seg, så kan entreprenørar gå inn og fjerne dei steinane som ligg i vegbana. Dette vil også ta nokre timar, men om alt går greitt håpar vi at vegen skal vere open i løpet av kvelden. Vi har ingen garanti, men dette er målsettinga, seier Distad.

Glade for at skadane ikkje er større

Dette er ein mykje brukt turistveg, mellom anna for dei som syklar Rallarvegen, den mest populære sykkelruta i Noreg. I går og i dag er det mange turistar som skuffa har måtte avlyse turen gjennom dalen. I høgsesongen er det fleire hundre på gjennomfart her kvar dag.

– Dette betyr jo veldig mykje for dei som vil oppleve denne fantastiske dalen, og så betyr det veldig mykje for turistnæringa. Vi er kjempeglade for at skadeomfanget ikkje vart større, så sjølv om vegen er stengd i to dagar er vi glade for at det er kortvarig og at vi skal tilbake til normalen i løpet av kort tid.

Han meiner det framleis er trygt å ferdast i Flåmsdalen.

Foreslår alternative aktivitetar

Jannet Aksnes, dagleg leiar for Vatnahalsen hotell, seier at dei var redde for at folk skulle bli skremde frå å sykle, men at dette viser jo berre at sikring kjem først. Ho fortel at dei fleste turistane viser forståing for situasjonen, sjølv om mange er skuffa.

– Dette set jo ein stoppar for sykkelturismen, midt i høgsesongen, så det er jo ei tragisk hending sånn sett. Det viktigaste er jo sjølvsagt at det ikkje var nokon som sykla der når dette skjedde, men akkurat no står tunet på Vatnahalsen fullt av syklar og håpefulle syklistar som vi må finne alternative ruter til.

Dei rår no turistane til å spasere nedover Flåmsdalen, ta toget eit lite stykke ned og så sykle frå Blomheller og ned, slik at dei får med seg den nedste delen av dalen på sykkel. I tillegg foreslår dei alternative aktivitetar i området.

Helikopter tok geolog med for å inspisere rase i Flåmsdalen. Sjå video frå turen.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.