Hopp til innhold

Må spyle meir før raset blir rydda

Går alt etter planen opnar fylkesveg 53 i Årdal på søndag.

Spyling i fjellsida over raset i Årdal

STEINAR: Det har kome ned mykje steinar under spylearbeidet i går og i dag. Eit helikopter vil halde fram spylinga fredag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Når reinskelaget avsluttar arbeidet søndag klokka 17, ser Statens vegvesen føre seg å opne vegen for fri ferdsle fram til måndag klokka 09.

– Så sant ein kjem i gang med ryddearbeidet i morgon, så skal vi vere komne ganske langt på søndag, seier byggjeleiar Rune Dvergsdal i Statens vegvesen.

Ligg att lausmassar

Vegen har vore stengd i ei veke etter det store steinraset ved Finsåstunnelen mellom Fodnes ferjekai og Årdalstangen. Både i går og i dag har eit helikopter spylt ned stein som ligg att i fjellsida.

– Det har kome ned veldig mykje masse i dag og spyler så lenge det er dagslys. Så treng vi nokre timar med spyling i morgon også. Det ligg litt lausmasse att, seier Dvergsdal.

– Så må det få tørke litt opp før vi kan byrje å rydde sjølve vegbana, legg byggjeleiaren til.

Fokus på liv og helse

Raset i Årdal

STORT RAS: Fylkesveg 53 er heilt stengd etter dette steinraset mellom Kolnostunnelen og Finsåstunnelen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Rådmann i Årdal, Olve Fossedal, sa til NRK i går at dei må akseptere at ryddearbeidet har teke tid. Kommunen vil halde oppe beredskapen.

Førre helg vart årdølane heilt isolert då einaste opne veg, fjellovergangen Årdal – Tyin, vart stengd grunna uvêr.

– Vi held oppe beredskapen som vi har etablert med båten som går her, og den vil gå til vegen er opna. I tillegg får vi inn att beredskapsbåten til legevakt i tilfellet fjellet blir stengd att, slik at vi framleis held høgt fokus på dette med liv og helse, sa han.

Treng ein dag til rydding

Ras Årdal - Rune Dvergsdal i Statens vegvesen.

BYGGJELEIAR: Rune Dvergsdal i Statens vegvesen seier dei treng ein dag til rydding etter at fjellsida er spylt rein for stein.–Søndag trur eg vi skal vere komne ganske langt, seier han.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ein geolog har i dag vore på synfaring i rasområdet. Dvergsdal kjenner seg trygg på at ein i alle fall laurdag er i gang med å rydde vegen og byggje voll mot rasområdet.

Fjellreinsklaget vil vere i fjellsida og rydde manuelt både laurdag og søndag.

– Vi treng minst ein dag på ryddearbeidet, og kanskje litt på søndagen også. Vi er heldige om vi klarer å rydde alt på laurdag, seier han.

– Kva seier geologen om rasfaren elles i området.

– Får vi ned steinane som ligg att, så er det ikkje noko rasfare no.

Det vil framleis vere arbeid i fjellsida i fleire veker framover, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding. Først skal meir stein reinskast ned i skråninga før ein set opp eit mellombels sikringsnett over vegen.

– Vi legg difor opp til at vegen berre blir open til visse tider på dagtid, slik at ein får gjort effektivt arbeid oppe i sida medan det er dagslys, seier Dvergsdal.