NRK Meny
Normal

Håpar å få score på Brann stadion igjen

Eit Sogndal-lag fullt av revansjelyst satsar på reprise på det som skjedde på Brann stadion i fjor. Tremålsscoraren frå den kampen jaktar sitt første eliteseriemål.

Kristian Fardal Opseth stangar inn 1-0 mot Brann

OPSETH-REPRISE? Kristian Fardal Opseth sette inn tre mål i 4-0-sigeren mot Brann i fjor. Dette er 1-0-målet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

SOGNDAL: Mathias Dyngeland - Taijo Teniste, Christophe Psyché, Hannu Patronen, Bjørn Inge Utvik - Gilbert Koomson, Rune Bolseth, Babacar Sarr, Ole Amund Sveen - Kristian Fardal Opseth, Mahatma Otoo

BENKEN: Stefan Hagerup, Fredrik Flo, Lars Christian Kjemhus, Ruben Holsæter, Magnus Pedersen, Eirik Birkelund, Martin Ramsland

  • Vil du høyre det som skjer i kampen kan du stille radioen inn på P1, for der blir heile kampen overført for lyttarane i Hordaland og Sogn og Fjordane frå klokka 18. Du kan også høyre kampen i nett-radioen.

Etter to eittmålstap der dommaravgjerder var med på å påverke resultatet er Eirik Bakke og Sogndal-spelarane svært så innstilte på å ta poeng, helst alle tre, mot Brann i Bergen laurdag kveld.

– Ufatteleg kjekt med tre mål

Og med resultatet frå 1. divisjonskampen på Brann stadion i fjor framleis friskt i minne er ikkje det noko urealistisk mål. For då vann Sogndal 4–0 og audmjuka dei heilraude. I den kampen sette Kristian Fardal Opseth inn tre av måla.

Laster innhold, vennligst vent..

Han gjer det gjerne igjen om han får sjansen.

– Det var ufatteleg kjekt det som skjedde i fjor, men det blir hardt å gjenta det. Eg håpar sjølvsagt å få starte kampen, det gjer eg kvar gong, og det er ekstra spesielt i Bergen. Eg jobbar knallhardt kvar dag for å kome i startellevaren, og så er det opp til Eirik Bakke å ta ut laget. Men eg reknar med å få sjansen før eller seinare.

Kristian Fardal Opseth

HÅPAR Å FÅ SJANSEN: Kristian Fardal Opseth vil gjerne spele frå start mot Brann.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– For vane å score mot Brann

Bortsett frå opningskampen mot Bodø/Glimt har Fardal Opseth ikkje fått plass i startoppstillinga til Eirik Bakke denne våren. Mot Odd kom han inn og fekk testa skotfoten på to frispark, begge frå bortimot 30 meter.

Det første var mislukka og gjekk høgt over mål. Det andre måtte Odd-keeper Sondre Rossbach ta fram sitt beste for å avverge.

– Eg trefte godt, men eg skulle ha fått han litt meir ut mot sida, ballen kom litt for rett på keeperen. Eg nærmar meg iallfall noko.

Trenar Eirik Bakke ser ikkje bort frå at Fardal Opseth kan få sitt første eliteseriemål mot Brann.

– Han viste kor farleg han kan vere mot Odd. Det er godt å ha han i gang igjen, og så har han for vane å score mot Brann også, så vi får sjå.

Kaptein Rune Bolseth sa etter Odd-kampen at dei vil mobilisere for fullt mot Brann.

– Kampen mot Odd var gløymt dagen etter, vi gler oss til Brann-kampen, tenninga der skal det ikkje vere nokon fare med.

Trenarteamet med Eirik Bakke, Marius Bøe og Helge Haugen

FOKUS PÅ BRANN: Eirik Bakke (t.v.) saman med assistenttrenar Marius Bøe (i midten) og eks-Brannspelar Helge Haugen vil revansjere dei to eittmålstapa mot Strømsgodset og Odd.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Fullt trykk frå første minutt

Og leiar Vidar Vadseth i Saftkokaradn lovar heilhjarta støtte frå bortetribuna på Brann stadion.

– Bortefeltet på Brann stadion tek 850, og dei billettane blir nok utselde. Det går to bussar med 70 supporterar frå Sogndal i dag, og så er det mange som køyrer privatbil. I tillegg er det mange sogningar og andre Sogndal-tilhengarar som bur i Bergen.

Han trur det skal godt gjerast å få ein reprise på 4-0-sigeren i fjor, men trur på siger.

– Vi trudde vel ikkje at vi skulle vinne 4–0 i fjor heller, så ein veit aldri med fotball. Tre poeng hadde smakt utruleg godt. Vi kan iallfall love fullt trykk frå første minutt. Eg vil oppmode folk om å kome iallfall ein halv time før kampstart, slik at spelarane får merke trykket alt under oppvarminga.

Men denne gongen møter Sogndal eit Brann-lag som har kome godt i gang og som har fått sjølvtillit. Onsdag vann dei 1–0 borte mot Viking, dei ligg på fjerdeplass på tabellen med 11 poeng, medan Sogndal er nummer ti med sju poeng.

Saftkokaradn med Vidar Vadseth

LOVAR FULLT TRYKK: Saftkokaradn med Vidar Vadseth i spissen vil fylle opp bortefeltet på Brann stadion.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Første hybridferje er på plass på Anda-Lote