Hopp til innhold

Håpar å få satellittbarnehus

Politiet og helsevesenet jobbar no med ei kompetansekartlegging for å undersøkje kva som må til for å få eit barnehus til Sogn og Fjordane.

Barnehuset i Sandefjord.

BARNEHUS: Dette biletet er teke på barnehuset i Sandefjord.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Eit barnehus er spesialtilpassa lokale til avhøyr av barn i overgrepssaker. I dag må barn reise ut av fylket for å bli avhøyrde.

– Vi jobbar spesielt med å kartlegge status og kva kompetanse vi har, og kva vi treng, seier fylkesleiar i KS, Harald Offerdal (Ap).

Harald N. Offerdal

DRIV KARTLEGGING: Fylkesleiar Harald Offerdal i KS.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Som i Mosjøen

Etter at justisministeren i mars gav klarsignal om at Mosjøen kunne opprette eit eige satellittbarnehus, grip det politiske miljøet i Sogn og Fjordane sjansen og vil få til ei liknande ordning. I Mosjøen er Barnehuset oppretta som ein satellitt eller underavdeling av Bodø.

– Skal vi søkje om ein pilot må vi ha den naudsynte kompetansen for å tilfredsstille krava som blir stilte til barnehus. Justisministeren var positiv til å opne for liknande prosjekt andre stader i landet, så vi har eit håp om at vi klarer å få det til, seier Offerdal.

Linda Aamelfot

– VIKTIG: Linda Aamelfot er ansvarleg for barneavhøyr i Vet politidistrikt.

Foto: privat

– Ligg litt lågt

Linda Aamelfot er ansvarleg for barneavhøyr i Vest politidistrikt, og ho meiner det er svært viktig å få eit barnehus.

– Barnehusa har mellom anna psykologar som fylgjer opp traumer, og dei har ulike kompetente folk med både sosionom- og barnevernutdanning. I tillegg har dei medisinske undersøkingar av legar som er knytte til barnehusa.

Men ho ser ein del skjer i sjøen før Sogn og Fjordane kan få sitt eige barnehus.

– Vi har fått tilbakemelding frå Politidirektoratet om at Sogn og Fjordane ligg litt lågt i tal melde saker i forhold til innbyggjartal. Det viser at vi har ein veg å gå.

Lars-Svein Drabløs i Frp

POSITIV TIL BARNEHUS: Fylkesleiar Lars Svein Drabløs i Framstegspartiet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Har trua

Fylkesleiar Lars Svein Drabløs i Framstegspartiet meiner dei skal greie å få til eit barnehus i Sogn og Fjordane.

– Eg har tru på at vi kan få det til dersom kompetansen er til stades. Dette er folk i ein sårbar situasjon som må reise til Bergen i staden for at dei kunne ha fått dette i eige fylke.

Kartlegginga skal vere klar innan 17. august. Då skal KS drøfte saka.