NRK Meny
Normal

Håp om sal av Bremanger Fryseri

Konkursråka Bremanger Fryseri kan få nye eigarar.

Fleire har vore inne og sett på anlegget, og i fylgje avisa Fiskaren er er sjansane store for ny drift til makrellsesongen startar 1.september.

15 tilsette miste arbeidet då fryseriet gjekk til skifteretten i juni.

Bustyrar, advokat Jan E.Holvik, er optimist, og seier at han meiner det er gode sjansar for å få til eit sal.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen