Hopp til innhold

Håp om bra påskevêr frå torsdag

Ser du fram til ei påske med sol frå skyfri himmel? Vel, utsiktene er ikkje dei aller beste, men kanskje vi får sjå sola skjærtorsdag og langfredag.

Bjørkelia i Jølster

PÅSKEDRAUMEN FOR MANGE: Sol frå skyfri himmel, rikeleg med snø. Påska 2017 ser ikkje ut til å bli heilt slik.

Foto: Anne Britt Wolff

I palmehelga blir det grått over det meste av Sogn og Fjordane. Unnataket er indre Sogn, der folk i både Lærdal og Årdal får gløtt av sol og opp mot 10-11 grader midt på søndag, ifylgje yr.no.

For resten av fylket kan statsmeteorolog Gunnar Livik melde om regn og yr laurdag, stiv kuling ved Stad, aukande til sterk kuling.

– Søndag kjem det ein kaldfront og gir meir nedbør søndag ettermiddag og kveld. Så går temperaturen ned, det blir byevêr, snøgrensa går nedover måndag. Då blir det regnbyer i låglandet og snøbyer i høgda. Tysdag blir det mindre nedbør og ikkje så aller verst vêr.

Gunnar Livik, meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet

HÅP OM SOL: Statsmeteorolog Gunnar Livik.

Foto: Meteorologisk institutt

Eit par dagar med solgløtt

Onsdag går eit frontsystem gjennom med høgare temperatur, men så er det grunn til meir optimisme når det gjeld torsdag, fredag og første delen av laurdag. Då blir det nordavind, med høgare temperatur på dagen når sola kjem til, men elles blir vinden kald.

Så langt statsmeteorolog Gunnar Livik. Nokre søk på yr.no for ulike stader i Sogn og Fjordane viser litt variasjon i vêrutsiktene.

For dei som satsar på skiaktivitetar i dei austlegaste delane av fylket, som t.d. Filefjell, ser det ikkje så verst ut. Palmesøndag ser det ut til å bli delvis skya, med nokre solgløtt og med fire plussgrader midt på dagen. Også tysdag, torsdag og fredag er det håp om sol i hytteveggen.

I Markane i Stryn blir det skya det meste av påskeveka, men med håp om litt sol torsdag, fredag og laurdag. Temperaturane held seg mellom tre og åtte grader på dagtid.

Nordavind

Temperaturmessig skil Harpefossen i Eid seg ut, for der varslar yr.no temperaturar rundt null grader heile veka. Både tysdag, torsdag og fredag er det varsla skiftande skydekke med solgløtt innimellom.

På Sogndal skisenter i Sogndalsdalen er det torsdag og fredag som blir dei finaste dagane, med sol og skiftande skydekke og frå to til fire plussgrader. Resten av veka ser det ut til å bli skya opphaldsvêr.

Er du av dei som vil nyte fridagane i påska ute på kysten, så ser det ut til å bli ein del fine dagar, iallfall om du finn ly for nordavinden. I Florø varslar yr.no regn delar av palmelaurdag og måndag, resten av veka blir det opplett og med solskin iallfall delar av dagen.