Hopp til innhold

Håp for Knaken likevel

Det kan gå mot løysing for besøkssenteret Knaken ved Kaupanger Hovedgård. Tysdag ettermiddag dumpa det nemleg inn ein e-post frå Riksantikvaren.

Kaupanger Hovedgård

MOT LØYSING: Riksantikvaren engasjerer seg no for å finne ei løysing på konflikta kring Kaupanger Hovudgård

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Det var ei hyggeleg overrasking å få e-post frå riksantikvar Jørn Holme, der han uttrykte uro for utviklinga i saka, og tok initiativ til eit møte, seier Christoffer Knagenhjelm.

I 10 månader har han og broren venta på løyve til å få så gras på familieeigedomen. Nydyrkingssøknaden har vorte ein kasteball mellom kommunen og fylkeskommunen. Det som kompliserer saka er at fylkeskommunen krev arkeologiske registreringar. Dei kjem på 370 000 kroner, og det er grunneigarane som må betale.

Tysdag bestemte dei to brørne seg for å legge ned familieverksemda Knaken på Kaupanger.

Nytt håp

– Det at vi bestemte oss for å legge ned var eit resultat av at vi over lang tid har prøvd å få til ein dialog med kommunen og fylkeskommunen, seier Knagenhjelm.

Ut over at dei tysdag melde frå om at dei akta å legge ned drifta, har ikkje Knagenhjelm sjølv kontakta Riksantikvaren.

– Riksantikvaren har vore orientert, men vi har ikkje snakka direkte med han. Så eg er imponert over kor raskt han reagerte.

– Er du som eigar letta over at det no kan sjå ut til å vere framgang i saka likevel?

– Eg er positivt avventande. Vi har jo hatt forferdeleg mange møte med offentlege etatar frå før, utan at det har kome så mykje ut av det. Eg har og fått invitasjon frå rådmannen, Det er eg positiv til, men vi forventar ei tydleg sakliste over kva kommunen ynskjer å oppnå, seier Knagenhjelm