Hopp til innhold

Hansen vedgår skadebløff

Spissen Cato Hansen er på veg til Sogndal. I Brann fekk Hansen lite speletid mot slutten av førre sesong. No viser det seg at årsaka var ein bløff.

Cato Hansen i aksjon for Brann

VAR IKKJE SKADA: Forklaringa på at Cato Hansen fekk lite speletid på Brann var at han var skada. No seier spissen at det var ein bløff.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Onsdag var det klart at bytehandelen mellom Sogndal og Brann blir noko av. Medan keeper-kjempa Piotr Leciejewski forlater Sogndal, kjem Kenneth Udjus og Cato Hansen til saftbygda i retur.

Kjenner seg urettferdig behandla

Hansen har i fleire intervju gitt uttrykk for at det er med blanda kjensler at han forlet bergensklubben.

- Eg føler eg ikkje har fått vise kva eg har å by, og eg har heller ikkje fått sjansen til å gjere det. Det irriterer meg framleis, sa Hansen til NRK.no tidlegare onsdag.

Til TV2 Sporten seier Hansen at han meiner det er utanomsportslege hendingar som er noko av årsaka til at han no forlet Brann.

- Eg kjenner meg urettferdig behandla. Det er fleire som har dukka opp for seint til trening. Så kjem eg for seint ein gong og får ikkje vere med i troppen, seier Hansen til TV2.

Vedgår skadebløff

Då Hansen mot slutten av førre sesong fekk lite speletid for Brann vart det sagt at årsaka var at spissen var skada.

Men på spørsmål frå TV2 vedgår no den nye Sogndal-spelaren at det er ein bløff. Ifølgje Hansen vart han samd med Brann-trenaren om å seie at han var skada, sjølv om at han var speleklar.

- Var du skada?

- Nei, eg var ikkje det, svarar Hansen.

Brann-trenar Rune Skarsfjord seier til TV2 at han ser på saka som ei internsak.

- I motsetnad til Hansen vil eg ikkje uttale meg om slike ting. Eg synst det vert mest profesjonelt. Eg synst vi har behandla Cato veldig rettferdig og har gitt han sjansen som han no ser ut til å få i Sogndal, seier Skarsfjord til TV2.