NRK Meny
Normal

Sogndal-exit for Patronen: – Tungt for hjartet

Hannu Patronen skapar eit stort hol i Sogndal-forsvaret når han no drar heim til Finland. – Han har ei krigersk vinnarvilje, seier Eirik Bakke.

Hannu Patronen

FORSVARSBAUTA: Hannu Patronen visar offerviljen sin og kastar seg etter ballen i sin siste kamp for Sogndal.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Hannu Patronen

REISER HEIM: Hannu Patronen har spelt fem sesongar for Sogndal.

Foto: Steinar Lote / NRK

Medan Rune Bolseth fekk det meste av merksemda etter 15 år i Sogndal, var det ein anna bauta som takka av samtidig.

Hannu Patronen har vore ein berebjelke i Sogndal-forsvaret sidan han kom til klubben i 2012, og fekk også ein god dose applaus då namnet blei ropt opp via anlegget før kampstart.

– Akkurat no er det tungt for hjartet, sa finnen til NRK då kampen var over og han hadde gått av kunstgraset på Fosshaugane for siste gong.

Klar for nye utfordringar

Kenneth Udjus og Hannu Patronen

FØRSTE SESONGEN: Hannu Patronen i ein av sine første kampar for Sogndal.

Foto: Alley, Ned / Scanpix

Patronen vel å reise heim til Finland etter fem sesongar i Sogndal-drakta av familiære årsaker. Det betyr ikkje at han har mistrivst i saftbygda.

– Det har vore veldig bra for meg og familien i Sogndal dei siste fem åra, og det er litt tungt at det no er slutt. Det var litt spesielt å spele den siste kampen, og det gjekk ikkje som vi hadde tenkt, seier midtstopparen etter 4–2 for Aalesund.

– Samtidig er eg klar for å kome heim til Finland og få nye utfordringar der, legg han til.

Patronen kom frå Helsingborg i Sverige i 2012 og står med 95 kampar for Sogndal. I løpet av dei åra har det blitt fire sesongar i eliteserien og ein i 1. divisjon.

– Eg har kost meg og lært mykje her. Eg har måtte ta mykje ansvar og det gjer at ein veks som spelar og menneske, meiner 32-åringen.

– Spelar sjølv om han vondt

Eirik Bakke

TRENAR: Eirik Bakke kjem til å sakne Patronen i midtforsvaret.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

For trenar Eirik Bakke vil Patronen bli ein vanskeleg mann å erstatte. Sjølv kjem han til å sakne ståpåviljen til finnen aller mest.

– Den krigerske vinnarviljen, ein som alltid går føre. Sjølv om han har vondt i beinet eller skuldra, så er han alltid der og gir 100 prosent. Det smittar over på resten, fortel han om bautaen i midtforsvaret.

Bakke forstår Patronen sitt val om å reise tilbake til Finland og takkar han for innsatsen i Sogndal-drakta.

– Han kan reise frå Sogndal med heva hovud, og tilbake til saunaen i Finland, smiler trenaren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.