Leitte etter jerv i to dagar - hannjerv vart skoten i dag

Statens Naturoppsyn skaut i dag ein hannjerv etter avgjerda om ekstraordinært jerveuttak i Fjærland.

Jerv

SKOTEN: Denne hannjerven vart laurdag skoten under ekstraordinært uttak av jerv i Fjærland.

Foto: Aurland-Rovviltseksjonen / Statens naturoppsyn

– Eg kan stadfeste at vi tok ut eit dyr i dag, seier rovviltansvarleg Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn.

Jerven vart skoten frå helikopter i området Bergsdalen. I fjor vart det meldt om store sauetap i dette området, og så mange som 300 dyr var sakna etter beitesesongen.

– Direktoratet fatta difor vedtak om ekstraordinært uttak av jerv her, seier Golf.

Dyret vart spora opp med helikopter, immobilisert og kontrollert for om det var ei tispe med ungar eller ikkje. Det synte seg å vere ein hannjerv, og denne vart så avliva.

Fryktar for årets beitesesong

I slutten av mars vart det gjort to observasjonar at det som mest truleg er to ulike jervar inst i Jostedalen i Luster.

Bøndene har tidlegare uttalt at dei meiner det er minst seks jervar i Sogn og Fjordane, og at dei fryktar årets beitesesong kjem til å bli svært vanskeleg for sauebøndene.

I fjor sommar var det særleg bøndene i Sogndal og Fjærland som vart råka av jerven sine herjingar.

17 kadaver vart stadfesta drepne av jerv, medan det vart utbetalt erstatning for nær 300 dyr som mest truleg er tekne av jerv.

Gjer kanskje nytt forsøk søndag

Det har vorte jobba i to dagar for å ta ut hannjerven som vart skoten laurdag. Viss vêrtilhøva er greie søndag, kjem ein til å gjere ytterlegare forsøk på å ta ut nye dyr.

– Det er mogleg vi gjer eit forsøk, seier Golf.

– Kor mange dyr har de løyve til å ta ut?

– Vi har fortløpande kontakt med direktoratet når det gjeld det, seier Golf.

Han legg til at det er stadbundne tisper som i størst grad gjer skade i område med sau.

– Hanndyra flakkar meir rundt og leitar etter hoer. Dei går over store avstandar på svært kort tid. Men så lenge vi har sporforhold, klarar vi å spore dei, seier Golf.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.