Hanne Krogh felte tårer for Selje Hotel

Den folkekjære artisten er éi av mange som var glade i hotellet som brann fredag.

Hanne Krogh

FORELSKA I SELJE: Musikaren Hanne Krogh har eit nært forhold til hotellet i Selje og ho vart overraska over kor sterkt brannen gjekk inn på ho, då ho fekk høyre om det.

Foto: Jørn Haudemann-Andersen / NRK

– Det var eit stort sjokk og eg kjende på ein stor sorg. Eg hadde både tårer i auga og klump i halsen, og var skikkeleg lei meg, seier Hanne Krogh på telefon frå ein turnébuss i Trøndelag.

Ho er ute på den årlege juleturneen hennar, og fekk vite om brannen av andre Nordfjordvener i turnébussen. Då byrja ho å tenke over gode minne frå Selje, og skreiv eit innlegg på Facebook om den triste nyheita.

– Tankane mine gjekk til Gerd-Kjellaug Berge og hennar mann Harald, for eg veit at dei har lagt ned heile livet sitt i å bygge opp hotellet.

Glad i Selje

Hanne Krogh kom til Selje for første gang på 90-talet, og har lenge vore veldig opptatt av Sunniva-legenda og Sunniva-festspela.

– Det er veldig synd for Selje og Nordfjord at hotellet brenn, men det er òg synd for heile landet dersom det betyr at resten av landet ikkje kan komme dit å få lov å oppleve alt ein kan oppleve der.

Artisten reiser år etter år over heile landet og er ofte i kontakt med folk som driv hotell på små stadar. Ho meiner slike hotell er viktigare enn folk er klare over – før dei forsvinn.

– Eg håper folk er klare over kor viktig det er å ha stadar for viktige hendingar. Det er eit eige liv på slike hotell, som ein ikkje finn på hotell i byane.

Selje hotell gjekk opp i flammar

Ruinane av hotellet i grålysninga fredag morgon.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Vil ikkje sjå ruinane

Komande veke skal går turneen innom Nordfjordeid og Førde, mellom anna saman med songarane Thomas Ruud og Jan Erik Fillan, som i mange år har hatt roller i Opera Nordfjord sine produksjonar.

Ho skal ikkje innom Selje på denne turneen, men ho seier at ho ikkje hadde orka å sjå ruinane der no.

– Eg gler meg heller til å kome tilbake til eit hotell som verkeleg lever, som dei klarer å fylle med nye minner og ny glede.